Eg har hatt datamaskinproblem siste tida, og testar her ut mobilblogging.
tirsdag 22. desember 2015
Desember
Eg har hatt datamaskinproblem siste tida, og testar her ut mobilblogging.
mandag 6. januar 2014
Ei oppsummering…
… av 2013 kan vel passe no, sånn før vi kjem altfor langt inn i det nye året.
Det blei eit labert år på bloggefronten… men eg kjem til å halde fram med blogginnlegg i ny og ne… Eg bestemte meg allereie frå starten av blogginga at eg ikkje skulle ha noko press på meg sjølv om å blogge kvar dag eller noko slikt.
No har også Instagram tatt over litt ser eg – det er litt enklare å slenge ut eit bilde enn å skrive eit innlegg.
Men attende til oppsummeringa.
This is what I made in 2013… many things finished and some not… and I think I can find even more projects started and not even photgraphed…
Happy New Year!!
onsdag 22. mai 2013
Babyteppe
Forrige helg var ei skikkeleg festhelg for storfamilien. Konfirmasjon på laurdag og barnedåp på søndag.
Konfirmanten fekk hekleteppet frå forrige innlegg, dåpsbarnet fekk eit lite lappeteppe.
Denne gongen ville eg lage vindmølle-lappar (eller pinwheels som det heiter på utanlandsk).
Har laga nokre babytepper etterkvart, så eg hadde nokre lappar i mønstra stoff liggande, måtte berre lage nokre få nye. Heldigvis hadde eg akkurat nok av det kvite stoffet til å få laga dei vindmøllene eg trengte.
Lots of celebrations in my family this month.
This sunday was the christening of my youngest nephew. I made him a baby quilt.
This time I wanted to make pinwheels again. I've tried them once before and they're fun to make.
I used fabric from my stash. Patterns in all colours (except pink and purple…) and luckily I had just enough of white fabric to make the pinwheels I needed…
lørdag 11. mai 2013
Sengeteppe
Eldste tantebarn vart konfirmert forrige helg. Vi drog på langtur for å feire henne. Og sidan forrige helg starta med snøkave, blei det ein ein litt ruskete start på turen (men vi hadde vinterdekk, så det gjekk bra).
Eg har liksom hatt planar om at tantebarna skal få noko heimelaga til gåve, eit slags teppe. Denne gongen blei det eit sengeteppe.
Eg var litt redd for at eg starta produksjonen litt for seint, men heldigvis hadde vi fri 1. mai… Det vart den store sydagen.
Lukkekanten, som må syast for hand på baksida, sydde eg i bilen på veg ned og siste kvelden…
Eg bestilte nokre nye stoff (frå utlandet), resten fann eg i lageret mitt. Neste gong bør eg hugse på at slike tepper også har ei bakside… Eg hadde ikkje store nok stoffbitar til å fylle baksida, så det vart mange lappar der også…
It was my oldest niece's confirmation last weekend. It was a 12 hour road trip to get there…
I had planned to give something handmade, and I decided to make a quilt for her bed. I used fabric from my stash and some new that I ordered. Next time I must remember that the quilt has a backpiece when I order farbric. I forgot that this time, so I didn't have large enough pieces of fabric to go on the back. So I had to patch together pieces of what I had here.
I'm quite happy with the end result.
tirsdag 24. juli 2012
Stolar
Dei siste dagane har eg funne fram symaskina igjen. No var det på tide å gjere ferdig stolane som har stått her sånn halvvegs oppussa.
Eg har samla på spisestue-stolar i forskjellige variantar og dei har fått kvar sin farge av meg.
Den turkise stolen vart ferdig for eit par år sidan. Dei andre har stått her med fin farge, men med stygge setetrekk. Dei skulle nemleg få lappetrekk dei også.
Og no mange lappar seinare:
Alle trekka er laga som ein firkant og quilta med bomullsvatt på baksida for meir stabilitet. Dei er stifta fast i seta, og skulle det vere nødvendig kan dei takast av og vaskast (og stiftast på igjen).
--------
My (vintage) diningroom chairs have been standing here half done for a long time. I finally got round to making the patchwork seat covers this week. I made a square patchwork piece, quilted it with som batting for more stability. I then stapled the patchwork piec on to the seat. Now I only need a red and an orange chair…
mandag 9. april 2012
Babyquilt
mandag 19. juli 2010
Familieferie
Foreldrehuset har vore fullt i eit par veker - med fleire søskenfamiliar heime og 23 rundt bordet (og i senger, sofaar og madrassar rundt omkring…) på det meste.
No har det stilna, nesten ingen igjen – berre 9…
Her er nokre glimt frå dei siste vekene.
Tilskodarar på første rad då containeren vart henta.
4-åringane drog med seg sakene frå leikehuset ut og hadde piknik på plenen.
Nintendo er visst ein hit…
Biltur til Flø
Lokal katt passar på.
På veg til stranda.
Deilig sand…
Og litt sying på tampen. Ein ny “rynkekjole” av gamle dynetrekk.
Just a few photos from the last week.
The parent’s house has been full for a couple of weeks. Sibling families on holiday and 23 people around the table (and in beds and on sofas and floors around the house…)
It is more quiet now, only 9 people left.
onsdag 7. juli 2010
PIF
For eit år sidan blei eg med på Pay It Forward-leiken. Dei første tre som kommenterte innlegget mitt skulle få noko heimelaga i posten i løpet av eit år.
Og eg tenkte at det skulle vel ikkje gå eit heilt år før eg fekk noko avgarde… Men det gjorde det altså.
Det fine symaskinvêret har gjort at eg fekk ta eit lite innhogg i voksduklageret mitt. For det har visst blitt eit lager – eg har hatt planar om å lage mange vesker…
Alle veskene er fora med gamle dynetrekkstoff.
No har veskene komt fram til mottakarane, og er i bruk allereie ser det ut til.
Hos Liv
Og Ida Victoria
Eg har også ei turkis veske på lur til neste gong eg treng ei gåve.
Pluss nokre meter med voksduk. Då eg ommøblerte på nokre kasser kom også det grønne voksdukstoffet fram, så her er det berre å velge og vrake i fargar…
Resten av det turkise havna på terrasse-bordet og vert vel der i sommar.![]()
Ha ein fin kveld. her vert det vel fotball ei stund framover…
------------------
A year ago I joined the Pay It Forward-game. I thought it should never take me 365 days to get the things out to the three commenters, but it did.
Last week I finally got round to making bag/totes to send.
They have now arrived safely to the reciepients.
The bags are made from oil cloth and with vintage sheets as linings. I still have lots of oil cloth left, so there will be more bags like these…
Have a nice evening.





