søndag 26. august 2007

Ferdig


Ja, då er eg ferdig med syinga, og det blei visst eit baby-teppe.

Men dersom inspirasjonen kjem tilbake, så får eg berre hekle litt meir å utvide heile greia. Pes!

Skulle hatt eit piano

Då kunne eg spelt litt frå desse fine notane eg fann på bruktbutikken, kanskje...
Sikkert litt for vanskeleg, men sjå på dei fine forsidene. Kan godt berre kikke på dei, til eg får eit piano...

I wish I had a piano, but untill that happens I just have to look at these. They're pretty.

UFO nr 1

Ufo betyr altså eit uferdig produkt (UnFinished Object).
Eg har dessverre mange slike - nokre vil nok vere det for alltid... Men den UFO-en som skal fram i lyset ganske snart er denne gensaren. Ingen spesiell grunn til at den ikkje har blitt ferdig, anna enn litt plunder med garntype og slikt (finne eit norskt garn som liknar). Pluss at mange andre prosjekt har kome og blit prioritert først. Mønsteret er frå vinteren 2005. Og så likar eg lite å strikke fleirfarga mønster på vranga... Sjølv om det eigentleg går bra, tek berre litt lenger tid.
Har berre toppen av bakstykket igjen, så det er berre tull at den ikkje er ferdig. Skjerp deg Solveig!
Eg har bytta ut nokre av fargane i original-mønsteret. (Turkis istaden for grønt).
This is my UFO nr 1. The pattern is from winter 2005. Too many projects has come before this one, but now as fall is coming it's time to get it finished. I only have the top of the back to do.

onsdag 22. august 2007

The finished puzzle


The finished puzzle
Originally uploaded by solgrim

Ja, det var det! Nå må eg ta det saman igjen, sidan eg ikkje kan ha dette liggande på golvet til eg får tid til å sy det saman.
Men det blei som venta ikkje eit sove-middag-under-teppe. Kanskje eg må lage nokre bordar rundt kanten for å få det litt større. Har mista litt inspirasjonen for firkantar...

The blanket is not as big as I was hoping. I will have to do something to make it a bit bigger. Maybe some borders around it. I seem to have lost the inspiration for making more squares - for the moment...

This is going well...


This is going well...
Originally uploaded by solgrim
Dette går ganske bra, men det ser ikkje ut til å bli eit særleg stort teppe...

Ferdig - så langt

No er eg klar for eit puslespel.

lørdag 18. august 2007

Babetteframgang

Det går framover. No er eg ferdig med dei 49 firerane og dei 16 seksarane. Ser fram til å begynne med å pusle det saman. Men teppet blir nok ikkje så veldig stort, kanskje eg må utvide det til slutt. Har ikkje gjort noko forsøk på å rekne ut kor stort det blir etter mønsteret, men eg brukar ein tynnare tråd. Vi får sjå.
I've finished my four- and six squares. Only the 9 eight-squares away from putting it together. I am worried that the finished blanket will be a bit small... I'm using a thinner yarn than the pattern I think. Maybe I have to make the blanket bigger in the end. We'll see.

70-talet

Har hatt nokre turar på bruktbutikken igjen,- må prøve å begrense meg litt, men det fins så mange fine ting...

Her har vi eit festleg kjøkkensett frå 70-talet. Lampeskjermtrekket kan vel kanskje bli ei litt kul veske?
Desse mønstra var også søte kanskje det blir nokre snertne buksedressar til tantebarna? (neppe)
I've been shopping secondhand again. This time I found a 70's kitchen set- lampshadecover and curtains. I'm thinking to make a bag of the lampshadecover. Must think of something to make of the big yellow flowers too.

Litt meir bryllup

Kvelden før bryllupet var det tid for å ordne neglene til brura.
Vi systrene ordna det.
Under lakkeringa passa det med litt romantisk oppladning - og kva høver betre til det enn Pride & Prejudice...
Badeepisoda og siste episode sjølvsagt.
"...And your family are in good health?..." (Mitt favorittsitat.)

onsdag 15. august 2007

Bryllaup og brudepiker

Sjølv om fløyel ikkje var noko artig å sy med, og vi skulle finne på mønsteret sjølv så vart eg ferdig med alle fem brudepikekjolane i tide.
Og systra mi rakk også å sy ferdig pynten på sin brudekjole.

Her heng alle kjolane klare til bruk. Jentene ventar ute i gangen.
Fem ganske konsentrerte jenter går sakte inn.
Den aller minste brudejenta.



Det var ikkje så enkelt å få samla alle jentene til fotografering, eller å få dei til å stå stille lenge...

Her har den minste jenta fått nok og vil heller til mamma.

Dei tre største brudejentene.


My sisters wedding. I made the five flower girl dresses. The velvet fabric was not easy to work with, but it came out ok in the end. The girls were very proud. It was difficult to get them to stand still so we could take some photos after the wedding... The girls are daughters of three of our brothers.

lørdag 4. august 2007

Sommarøya

Endeleg kom ein dag fin nok til Raudøy-tur. Faktisk bursdagen min. Det vart ikkje så mykje bading, men meir grilling, avslapping og familiesamvær.

Alltid budd! Evje 2007

Eg har vore ei veke på speidarleir no.

Dette var "rommet" mitt. Heilt utan symaskin, heklekrokar, strikkepinnar og internett. Det gjekk bra likevel...
No, etter litt bløyting i badekaret, er eg rein igjen - sjølv om eit snev av røyklukt heng i håret enno.
Vi hadde sol og mykje vind, så eg flassar så fint på nasa :)
I've been on camp this week. This was my tent. No sewing machine or knitting needles, but we had other things to do. Now it's nice to be back at home with my own shower & bed.

Sommarskjørt

Her er sommarskjørtet mitt:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails