...Issj, det er så vanskeleg å finne på tittel på desse innlegga...
Snart er denne helga også over. Nydeleg haustver her i dag, og eg gløymte sjølvsagt fotoapparatet då eg gjekk på tur.
Etter tunfiskgratengen til middag dykka eg litt ned i restehaugen og stofflageret ellers og kutta nokre kvadrat. Mulig at det blir ei lappeveske (eller ti - det vart litt mange lappar etterkvart...). Planane er ikkje så veldig klare, men eg kjem sikkert ikkje til å bruke alle mønstra saman. Me får sjå... Synes det manglar litt gult/oransje her også.


Ja da, endå eit strikkeprosjekt. Har ikkje fått leita fram dei gamle skjerfa mine - så istaden strikkar eg eit nytt. Prøver meg på Baktus-skjerfet.
No er det visst på tide å rydde opp etter middagslaginga. Ha ein fin kveld.
I dived into my fabric stash (scraps & newer fabrics) and cut up some squares this afternoon. I'm sure I can use these for something. Maybe a bag (or ten...)
I've also started on a scarf.
Have a nice Sunday evening :)
--------------------------------------
Ps. Eg har visst eit lite jubileum i dag.
Når eg teller etter visar det seg at dette er innlegg nr 200! Ikkje så verst, skal eg få lov å seie det sjølv :)
Det må vi vel feire litt. Legg igjen ein kommentar her før fredag, så er du med på trekninga av ein liten premie.
This is my 200th post! Leave a comment before Friday, and you may win a little surprise :)