Viser innlegg med etiketten Musikk/Music. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Musikk/Music. Vis alle innlegg

torsdag 12. mai 2016

Melodi Grand Prix - ESC

Melodi grand prix har nesten alltid vore eit av favorittprogramma mine - heilt sidan ca 1980.
Leitar eg godt i kassene på loftet finn eg heilt sikkert kassettane med opptak frå radioen gjennom heile 80-talet...
Og eg kan nok synge med på altfor mange av bidraga opp igjennom tidene.

Så denne veka er programmet klart :)


I helga vert det samling med storfamilien, og eg reknar med det vert stemning i stove med masse folk og mange synspunkt på songar og antrekk.

For å auke spenninga litt har eg laga ein Melodi Grand Prix-bingo, med klassiske grand prix-element som stikkord.

Er det fleire som vil prøve seg på den, så finn de linken her:

Melodi Grand Prix BINGO

No er vi litt skuffa over at Noreg ikkje kom til finala i år, men vi finn nok nokon nye å heie på.
Australia eller Bulgaria for eksempel :)

tirsdag 25. januar 2011

Musikk

Må berre dele ein søt song og video i dag.

Og helsar også ekstra til systrene mine Kirsten og Marie. Og det er ikkje dei som syng songen Smilefjes

-----

I just have to share this cute little song.

tirsdag 25. mai 2010

Mimrestund II

Er de klare for ein haug med videoar til?

----------

 1984 kom vi til. Her var det ikkje mange minneverdige bidrag,

men vinnarane hugsar vi…

Og vi stilte med Dollie-jenter og klassisk sceneshow.

1985 var eit fint år. Eg hugsar enno stemninga i stova då Noreg fekk 12 poeng med første land. Og utover kvelden blei det berre betre.

Eg må vel nesten ta med vinnarsongen, sjølv om vi har høyrt han ganske mykje etterkvart…

I 1986 var det høgsesong for store skulderputer og lange frakkar…

… og Romeo.

I 1987 var Israel ein favoritt…

…og vi sendte Kate med rett-opp-sveisen.

Ok, nok mimring for idag.

Tilbake til semifinalen…

mandag 24. mai 2010

Mimrestund I

Sidan det er Grand Prix-veke no, og sidan eg alltid har synest det er stor stas med Grand Prix, så tenkte eg å mimre litt no.

Første året eg kan hugse eg såg på var 1980. Ikkje så unaturleg kanskje, det var året med Sami Ædnan og det var siste året vi budde i Karasjok.

Eg hugsar også denne sære songen frå Belgia

Og denne artige frå Luxembourg

I 1981 vann UK med futt og fart.

Finn Kalvik nådde ikkje heilt opp…

Her finn de ei oppsummering av 1981-songane.

I 1982 satt eg nok klar med kassettspelaren min og tok opp songane frå radioen. Eg hadde ikkje så mange andre kassettar på den tida, så GrandPrix-kassetten blei spelt gong etter gong.

Her er ei oppsummering av 1982-bidraga. Eg hugsar mange…takka vere kassetten min…

Mange artige kostymer og engasjerte sceneopptredenar der…

Og Tyskland vann.

Frå 1983 hugsar vi godt denne jenta.

Eg hadde Jugoslavia sitt bidrag som piano-notar seinare og eg kunne den nesten.

Har du nokre favorittar frå desse åra? Eller er dette altfor gamle minner?

--------------------------------------

It’s Eurovision week now, so I’m just looking back today.

It was one of my favourite shows when I was growing up, and I used to use my cassette player to record the songs. I listen to them a lot afterwards and still remembers many of them – even the bad ones…

onsdag 7. april 2010

Heng med…

Eg har sansen for “bestemor”-stilen, som de kanskje har skjønt allereie. Difor tek eg stadig med meg gamle kleshengarar heim frå bruktbutikken. Planen er å “kle” på dei med heklerier og strikkerier etterkvart.

No etter påskeferien har eg fått starta litt.

DSCF2738

Først to, så ein til.

DSCF2744 Alle hengarane hadde forskjellig storleik.

Eg har brukt oppskrift frå Dottie Angel. Med nokre få justeringar for å passe til mine hengarar (enten er hengarane her litt tjukkare, eller så heklar eg litt stramt). Antallet skjell ser de varierer litt. Eg hekla også ei runde med fastmasker rundt skjella i kontrastfargen før eg hekla dei to delane saman.

Eg har fleire hengarar på lager, så det blir nok ein som dette og som desse eller desse. Her er endå ein versjon.

DSCF2749

Og sidan det er onsdag skal de få med dykk litt musikk også. Ein fin song av gruppa She & Him.

-----------------------

I’ve been collecting old hangers for a while, and now I’ve started to dress them up – granny style. I’ve used Dottie Angel tutorial, with a few changes to fit my hangers (they all had a different size).

I’ll probably make hangers like this and these or these. Here is another idea.

onsdag 17. mars 2010

Onsdagstonar

Tid for litt musikk igjen.

Sidan eg ikkje har noko strikka å vise fram akkurat no, og sidan det er onsdag, og sidan det er så mange fine tonar der ute…

Litt frå Ingrid Michaelson i dag.

Må vist sjekke ut det nye albumet hennar.

A couple of nice songs for you today. Since it’s Wednesday…

lørdag 13. mars 2010

Talent

Som stolt tante må eg få legge vekk strikkepinnane litt og reklamere for nest eldste tantebarnet mitt. Og for “lillebror” som også gjorde seg ganske godt på TV.

Vi følgjer spent med på serien vidare.

------------

This is my niece (12). She’s taking part in Norske Talenter (Norway’s got Talent). We’re all very proud!

onsdag 13. januar 2010

Onsdagstonar

Eg har jo sansen for artige songar med kreative videoar :)

Her får de eit par av dei siste eg har kome over.

Spesialt Crayola-songen er fin synest eg. Og dama heiter Kristin Andreassen – høyrest ganske skandinavisk ut, men ho høyrer til i Statane.

Ha ein fin onsdagskveld.

onsdag 9. september 2009

Onsdagtonar

Igjen litt onsdagsmusikk. Denne gongen nokre songar frå franske Emily Loizeau.

Eg synes det er så sjarmerande med fransk. Sjølv om eg ikkje forstår så altfor mykje.

Den nyaste musikkvideoen Sister er også fin. Den gjekk ikkje an å legge inn her, så de må klikke på linken.

God onsdagskveld!

onsdag 2. september 2009

Onsdagstonar

Tenkte eg skulle dele litt musikk igjen. Passar bra å gjere det på ein onsdag, nesten helg og greier.

Startar med Emilie som syng “Amazing Grace”. Og ja, eg er tanta til Emilie :)

-------

Thought I would share some music again. This is my niece Emilie singing :)

torsdag 16. april 2009

Lisa H

Eg har sansen for kreative musikkvideoar. Sjølvsagt med fin musikk til. Her har de ei kreativ dame, Lisa Hannigan.

Nyt denne papirklippevideoen, sjekk det fantastiske rommet på slutten.

Ho likar vist papir, for det er også tema i denne videoen. Sjølv om det er på ein annan måte.

Trur eg må skaffe meg cd-en “Sea Sew”. For ho har også brodert og sydd cd-heftet sitt. Slikt kan vi like!

Enjoy these videos from Lisa Hannigan. I think I must get this cd. She did the needle-work for the cd sleeve herself. We like that :) And I like the music too.

onsdag 19. november 2008

Nesten helg igjen...

2008_11190007 2008_11190009

Fekk ein idé, og hekla ein slags (jule)pynt i ettermiddag. Den er litt polstra, så det vart ei flat kule. Litt søt synest eg. Men då eg gjekk forbi kjøkkenskapet skjønte eg fort kvar fargeinspirasjonen kom frå...

Kanskje eg må ringe Green Gate og høyre om dei vil kjøpe designen min :)

Eg trur eg går for ei fargerik jul.

2008_11190011

I crocheted this little ornament today. Had to try en idea. When I passed my kitchen shelves I could see where my colour inspiration came from. It matches my Green Gate cups.

2008_11190016

Såg nokon som hadde laga ein handoodle på flickr, og eg fekk lyst til å gjere det samme. Eg likte å lage slike formar fulle med mønster før, men no var det lenge sidan sist. Er det å drodle vi kallar det? Har også laga ei grøn hand.

I saw this idea on flickr and had to try to make "handooldes". I haven't doodled like this in a while. It was fun.

2008_11190015

Og sidan det nesten er helg igjen legg eg ved ein Feist-video til. (Her kan de lære nokre danse-steg for neste gong de er på flyplass-rulleband.)

onsdag 12. november 2008

Månelyst...

... er det ute i kveld. Vi har til og med fint ver slik at månen kan nytast. Han stod akkurat opp når eg gjekk heim frå jobb.

2008_11120027

(Skulle berre hatt betre fotoapparat og zoom.)

Til helga er det julemesse og speidarjentene og eg har laga magnetar som vi håpar nokon vil kjøpe.

2008_11120028

Desse er veldig enkle å lage. Du treng berre glass-steinar, festleg papir/stoff, ein magnet (15 mm) og godt lim.

Klipp papiret slik at det er ca på størrelse med magneten. Lim det fast på magneten. Ha ein klatt lim oppå der og trykk fast glass-steinen.

2008_11120010

Så langt kom eg på sjalet med garnnøstet eg kjøpte i Bergen. Sjalet blei i minste laget - så no har systra mi i Bergen fått i oppdrag å skaffe meg eit nøste til.

Dette er forreasten det mest ruskete garnet eg har vore borte i. Frykteleg mykje kvist og kvas inni tråden synest eg.

2008_11120033

Nesten ferdig med ei julegåve. Det skal bli ei jakke som de ser.

Og sidan det snart er helg igjen sluttar eg med musikk. Denne har eg hatt på hjernen i det siste. Dama som syng er canadisk og kallar seg Feist.

Ein fargeklatt av ein video - noko å prøve i gymtimen...

torsdag 6. mars 2008

Ein fin ettermiddag

I ettermiddag har eg hatt det kjekt!! Vi har hatt workshop med The Real Group. Dei er så flinke, berre høyr sjølv på videoane. Og veldig hyggelege folk er dei også. Tre timar gjekk berre altfor fort...

(Skru av musikken nederst på sida først).

Koret mitt song også for dei, og vi fekk mange gode tips.


I've been on a workshop with this very good acapella group (The Real Group) this afternoon. (Turn of the music on the bottom of the page before you listen to the videos)

It was so fun! My choir also got to sing a song, and they gave us many good tips on how to improve. I only wish the afternoon had lasted longer... If you have a chance to go to a concert with this group - do it!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails