lørdag 31. oktober 2009

Heimelaga høgtid…

I morgon, eller om ein time, er det første november. Ein månad igjen til adventstida altså. Nokre av dykk er kanskje ferdig med julegåvene, men eg har aldri vore flink til å vere tidleg ute med dei. Litt dårleg til å planlegge kanskje?

Sidan eg likar å lage ein del gåver, bør eg verkeleg bli flinkare til å planlegge i tide, og bruke tida fornuftig.

handmadholidays03_button

Heldigvis finst det nettstader som kan hjelpe med gåveidear og tips. Sew Mama Sew kjører no i gong med “Handmade Holiday” for tredje år på rad. På bloggen der vil du gjennom heile november få oppskrifter på ting du kan lage som gåver.

Likar du å sy så bør du følge med der framover.

----------------------------------------

Sew Mama Sew  is ready to do Handmade Holidays again in November. They will have new tutorials everyday.

Monstermuffins

B-2 øøøhhh! kan ein vel seie på ein kveld som denne?

Er det mange skumle vesen ute og går rundt ditt hus?

Sjølv er eg ikkje med på Halloween-feiringa, men eg og lillebror har vorte inspirert av cupcakeboka til Martha Stewart.

 DSCF1514

Nok av muffins (muffins høyrest forresten så mykje simplare ut enn cupcakes…) å velge mellom der, men vi synes Martha sine “creepcakes” var ekstra artig pynta.

DSCF1515

DSCF1516

Eg laga vanleg sjokolademuffins, farga ostekremen grøn og så pynta vi så monstrete vi kunne.

DSCF1523

DSCF1520

DSCF1521

DSCF1527

Ringer nokon på døra i kveld, så skal dei få smake. Håpar berre monsteret under her held seg langt unna…

DSCF1525

Eg har funne ei sjokolademuffinsoppskrift  (her) som er svært god – og enkel.

Ha ein fin laurdagskveld.

----------------------

We made some monster cupcakes to night. I used this recipe (very good) and we decorated as creepy we could. Much inspired bu Martha’s creepcakes.

onsdag 21. oktober 2009

Kurs

Eg har begynt på kurs! Sy-bunadskjorte-kurs!

Mi gamle skjorte er for liten (ho har i grunnen alltid vore litt lita, og no har ho i tillegg krympa litt – kremt).

Det har også begynt å bli hol eit par plassar, så det er på tide med ei ny. Og sidan dei ikkje har slike skjorter på H&M eller Cubus, så får eg lage ei sjølv.

DSCF1458 

Eg har ikkje kome så langt enno – mista 2 kveldar pga haustferie og at eg ikkje hadde stoffet klart. Men no er eg i gong.

Vi startar med armlinningane. Her må vi telle trådar og tråkle litt først, for å merke av der vi skal klippe og trekke ut trådar. Augene går litt i kryss etter ei stund med stirring på og telling av tynne lintrådar.

DSCF1462

På mandag var eg klar for å starte holsaumen. Så langt kom eg på ein kveld:

DSCF1475b

Det er langt att…….Slik skal ermene vere til slutt.

skjorte2

Holsaum er det også rundt halsen:

skjorte3

Skal tru om det vert ny skjorte til bryllupsfeiring i påska?… Det får nesten vere målet mitt.

skjorte1

PS: Dette er skjorta til Ørsta-bunaden. Her leikar eg og systra postkort i bunadane våre…

postkort

------------------

I need a new shirt for my “bunad” (Norwegian national dress). I’m taking evening classes to learn how to make one myself. As you can see from the photos of my old shirt, it has a lot of embroidery.

And I’ve not come very far. My goal is to have it finished by easter time.

fredag 16. oktober 2009

Nytt brukt

Eg lovte å vise fram fangsten frå dei siste loppemarknadane og bruktbutikkbesøka.

Dagane i veka gjekk visst litt for fort, men no har eg nokre bilder klare.

Som vanleg har eg sans for fat og koppar – og helst noko frå Stavanger Flint, Figgjo eller Egersund. Eg har snart nok til å fylle opp nokre skap. Men når eg kjem forbi noko eg likar, så klarer eg ikkje å gå i frå dei.

Stakkars – stå der aleine på eit bord… Eg må redde dei. Slik er det berre…

DSCF1365

DSCF1366

DSCF1369

Synes dette serviset (Anne Marie) hadde så friske fargar. Manglar berre fat, så har eg nok til frukostserveringa…

DSCF1363

Og desse dokketinga var altfor søte til å gå forbi.   

DSCF1364 

Har også sans for glas med fargetrykk. Fann 5 av desse.

DSCF1357DSCF1358

På ein liten og svært full bruktbutikk i Bergen stod denne handarbeidskorga og vinka til meg. 25 kr…

DSCF1359DSCF1361

Endå ei kakeboks :)

DSCF1374

På veg heim frå jobb denne veka var eg innom bruktbutikken i Volda. Denne kaffikanna høyrer til serviset Tutti Frutti (Stavanger Flint). Her høyrer det til koppar og fat i mange fargar. Dei fann eg dessverre ikkje denne gongen. Er ikkje fasongen på denne fin?

----------------------------------------------------

This is some of what I’ve found at fleemarkets and thriftshops lately. I mostly look for cups and plates, particularly Norwegian design. (Stavanger Flint, Egersund & Figgjo).

I really don’t need any more plates, but still find it very hard to pass them by… I have to rescue them…

søndag 11. oktober 2009

Attende til kvardagen

Etter ein lang busstur oppover vestlandet er eg attende i heimbygda – og omtrent klar for arbeidsdag i morgon… Det har vore ein strålande slutt på denne haustferieveka med 3 dagar på rad utan regn!!! Det har vi ikkje opplevd sidan juli.

For regnkåpa mi fekk eg verkeleg testa ut nokre dagar i Bergen. Og kva anna har eg gjort enn å teste ut regnkle?

Byturar, museumstur med nevøen, bruktbutikkar, IKEA-tur, litt anna shopping, budrunde og huskjøp (ikkje for meg men for vertskapet), mate fuglane ved Tveitevannet, loppemarknad, strikking etc… Kort sagt ei heilt fin veke :)

995399-141

Og eg kom sjølvsagt heim med litt ekstra bagasje. Turane innom bruktbutikkar og loppemarknad resulterte i nokre nye fat, ei handarbeidskorg, ei margarinboks og ein gammal Samsonitekoffert.

De skal nok få sjå bilder av bruktfangsten seinare.

Ha ei fin veke!

tirsdag 6. oktober 2009

Regnkåpenytt

De hugsar at eg drøymte om regnkåpene frå Danefae?

Vel, eg fann ein butikk som har dei her i Bergen. Twisted.

Eg gjekk rett til prøverommet med denne:

Men akk..., det var feil fasong for meg.
Sa då var det berre å fortsette regnkåpejakta andre stader. Eg fann ei til slutt, ikkje fullt så fargeglad. Den skal eg ut og teste no. Heldigvis (?) er det regnkåpever i dag...

PS. Det blei ei brun jakke frå {Søs Jensen} på meg denne gongen. Er fornøgd, bortsett frå at borrelåsen heng seg opp i skjerfet mitt. Den er i allefall vanntett :)

søndag 4. oktober 2009

Haustferie

Ahhh, det skal bli deilig!

Eg reiser straks avgarde til Bergen, og trur nok det skal bli ei bra veke der. Eg tar med meg nokre strikkepinnar og garn, slik at eg ikkje skal sitte med hendene stille i fanget.

Noko har eg også blitt ferdig med i det siste.

Eit par lestar i Labbetuss-garn frå Euro-pris…

DSCF1301

… og Noro-stripe-skjerfet mitt.

DSCF1305

DSCF1309

Sidan det kalde haustveret kom så fort, kan det vere godt med eit langt skjerf. Eg håpar også på minst ein dag utan regn i Bergen. Det er vel ikkje for mykje forlangt?

Ha ei fin veke!!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails