Oppskrifta har vore her på engelsk ei god stund, men eg har vist gløymt å legge ut norsk versjon. Her kjem den:

Du treng:
Litt over 200 gram ullgarn i dei fargane du ønskjer. Eg har brukt forskjellig restegarn som f eks Smart (Sandnes), Falk (Dale).
Heklenål 4 mm
5 knappar (ca 15 mm i diam.)
Oppskrifta er for ei 40 x 40 cm pute. Framsida på puta er laga av 24 store trekantar og 6 mindre («halve»). Trekantane er sydd saman. Baksida er hekla i to delar.
La endene vere lange når du heklar trekantane (minst 25 cm). Du brukar endane til å sy saman trekantane.

Trekant – Lag 24 stk
* Du aukar i starten av kvar rad med å hekle 2 st i første m (3 lm + 1 st). Dei tre luftmaskene i starten av kvar rad = første stav.
1. rad: 4 lm, 1 st i første lm.
2. rad: 3 lm (=1 st), 1 st i første m (sjå pil i bilde 1), 1 st. (3 st)

3. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st. (4 st)
4. rad: 3 lm, 1 st i første m og i kvar st resten av rad. (5 st)
5. – 12. rad: Fortsett på samme måte, med auking i starten av kvar rad. I 12. rad har du 13 st.

«Halv» trekant – lag 6 stk
Dei «halve» trekantane har auking berre på eine sida.
1. rad: 4 lm, 1 st i første lm. (2 st)
2. rad: 3 lm (=1 st), 1 st i første m, 1 st. (3 st)
3. rad: 3 lm, 1 st i neste m, 1 st. (3 st)
4. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st kvar st resten av rad. (4 st)
5. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (4 st)
6. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (5 st)
7. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (5 st)
8. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (6 st)
9. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (6 st)
10. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (7 st)
11. rad: 3 lm, 1 st i neste m og kvar st resten av rad. (7 st)
12. rad: 3 lm, 1 st i første m, 1 st i kvar st resten av rad. (8 st)
* Diagram for trekantane finn du nederst her.

Bakside:
Baksida består av del 1 (med striper og knappehol) og del 2 (einsfarga) [Bilde 4]
Del 1: Det beste er å starte med ein "foundation row" og lage 70 stavar. Då heklar ein luftmasker og første rad med stavar samtidig = mykje meir elastisk. Sjå You tube-video her.
2. – 4. rad: 3 lm (=1 st), 1 st i kvar st ut rada. (70 st)
5. rad: (Stripe i annan farge) 3 lm (=1 st), 1 st i kvar st ut rada. (70 st)
Fortsett på samme måte med 4 kvite rader og 1 rad i annan farge, heilt til du har hekla 30 rader.
31. rad: (Knapphol-rad) 1 lm, 8 fm, * 2 lm, hopp over 1 m, 9 fm * 2 gongar, 2 lm, hopp over 1 m, 10 fm, * 2 lm, hopp over 1 m, 9 fm * 3 gonger.
32. rad: 1 lm, fm i alle fm frå rad 31, 2 fm i alle lm-boger.
Del 2: Heklast som del 1, men i berre ein farge og i kun 10 rader.

Montering:
Pusle saman trekantane på framsida i det mønsteret du vil ha.

Sy saman med endane.
Legg forside og bakside saman med rettsida ut. Baksidedelane er laga slik at du får overlapping. 5 av rader på del 2 skal ligge under del 1. Pass på at radene på fram- og bakside er på same stad.

Bruk bunnfargen til å hekle saman delane, frå framsida. Hekle 1 fm i kvar st på topp og bunn, og 2 fm i kvar rad på sidene. (I dei fem radene som del 1 og del 2 på bakstykket overlappar vil du hekle gjennom 3 lag.)

Du kan også velge å sy saman delane dersom dulikar det best.
Etter samanheklinga med fm kan du hekle ei rad med krepsemasker. Krepsemasker er fastmasker som heklast baklengs – frå venstre mot høgre.

Sy i knappar på del 2.
Damp putetrekket til slutt.

