Såg nokre fine weekend-bagar i voksduk-stoff hos
Cath Kidston, - dei var litt for dyre til å bestille, så då tenkte eg at det går vel ann å lage sjølv... Har stoffet liggande etter sommarveska mi.
Då var det berre å sette i gong. Det blei nok litt meir komplisert enn eg hadde tenkt i starten. Tittekantar er vanskelege i svingane, kva blir eigentleg omkrinsen når eg skal trekke frå sømrom, hugs å skrive ned justeringar ellers passar ikkje foret, etc. etc. Også alle tapebitane som må plukkast vekk (brukar tape istaden for nåler når eg syr i voksduk- då slepp eg stygge hol). Svett, svett.


Men det gjekk bra til slutt, og eg har ny bag til ferien. (Skal sjølvsagt pakke ein koffert også...)
I wanted a weekend bag like these, and got the good idea that I could make one for myself. Well it got a little more complicated than I had planned, but it turned out pretty good in the end. Quite pleased now, and ready for my holiday. (I'm packing a suitcase as well of course).