tirsdag 25. desember 2007

Når ein pepparkakebakar bakar papparkakehus...


1. Finn på ein design, eller få nokon andre til å teikne. Eg fekk hjelp av Oda (4 1/2) i år.
Make a design or get someone to help you.

2. Lag deiga.
Make the dough.

3. Skjær ut delane på steikebrettet så dei ikkje blir altfor skeive.
Cut out the parts on the baking tray.

4. Legg (knuste) harde drops i vindauga dersom du vil ha "glas" i dei. Eg brukar gjerne "Kongen av danmark".
Put hard candy in the windows if you want "glas" in them.
5. Steiking. Dropsa boblar, men det gjer ingen ting.
In the oven. The candy will start to bubble when melting.
6. Når dropsa kjølnar blir dei slik som dette. Ikkje løft delane av plata før vindu har stivna.
Let the parts cool before you take them og the tray. The candy will look like this when its cooled down.
7. Pass på at du lagar alle delane som skal til.
Make sure you have all the parts you need.
8. Lim saman. Bruk smelta sukker, det held best. Men det er varmt!! (Berre ei lita blemme i år.)
"Glue" the parts together. I use melted sugar for this. But mind your fingers! It's terribly hot (not a job for children!!!), but it keeps the house together.

9. Pynt så godt du kan.
Decorate as good as you can.

2 kommentarer:

  1. Det vart kjempefint! Hundehuset klarte reisa fint, og står no på pianoet nokre dagar før eting :)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails