søndag 3. februar 2008

Evighetsprosjekt?

Her er eit prosjekt som eg ikkje ser slutten på. Eit teppe av små sekskantar. Kvar sekskant har ein diameter på 7-8 cm og skal det bli eit skikkeleg teppe må eg vel ha fleire hundre....Så langt har eg ca 40. Eg baserar meg på restegarn, ser at restane minkar no, så eg må nok sørge for at restelageret stadig får påfyll, slik at teppet kan bli stort nok.
Sekskantane er lette å ty til når eg byrjar å bli lei av ribbestrikking f.eks.

Eg er litt systematisk av meg, så eg likar å bruke samlebandsmetoden: Først ei runde med alle fargane, så runde 2 på alle, og så runde 3 og 4-5. Fargebruken er stort sett usystematisk. Prøver å feste trådane etterkvart slik at ikkje den kjedelege jobben står igjen til sist. I siste runde vert sekskantane hekla saman, så her er det ikkje noko samansying.

This is a project thats going to be here for a long time. I want to make a afghan with these hexagons, but I'm going to need hundreds of them. I'm using yarn from my stash so I'll just have to keep it large enough.

I like to use the assembly line method: Do round 1 in every colour first, then round 2, 3, 4&5. The hexagons are joined together in the last round.

5 kommentarer:

  1. Imponerande resteprosjekt må eg seie! Eg har sett ned forbud mot nye prosjekt for meg sjølv, så eg held tempoet oppe og fortar meg å gjere ferdig alt eg driv med no, slik at eg kan starte med noko nytt ;-)igjen.

    SvarSlett
  2. Så fint teppe! Jeg holder på med et teppe med mormor-ruter, eller grannies, som de også kalles. Har ikke kommet skikkelig igang med monteringen, dvs. mormor har sydd sammen noen ruter for meg, men jeg vet ikke om jeg er helt fornøyd med metoden. Hvordan gjør du når du hekler sammen lappene? Kanskje teit å spørre, men jeg får det ikke helt til.... Fin blogg du har her, jeg kommer garantert tilbake hit. =)

    SvarSlett
  3. Åhhhh, så nydelig teppet blir! Det ser ut som du har bestemt deg for pleddstørrelsen (jeg endte med 120 x 200 cm - det tok tid, men var verdt innsatsen). Om det skulle ende som "knevarmer" vil teppet uansett være som et smykke i rommet. Gleder meg til å følge med på utviklingen :o)

    SvarSlett
  4. Stå på, du kjem nok i mål til slutt.Flott blir det...
    Har noko liknande liggande ein stad, 10års-prosjekt.
    Er berre gått 3-4 år enno, så eg ventar litt til...

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails