søndag 2. november 2008

...søndagskvelden...

...Issj, det er så vanskeleg å finne på tittel på desse innlegga...

Snart er denne helga også over. Nydeleg haustver her i dag, og eg gløymte sjølvsagt fotoapparatet då eg gjekk på tur.

Etter tunfiskgratengen til middag dykka eg litt ned i restehaugen og stofflageret ellers og kutta nokre kvadrat. Mulig at det blir ei lappeveske (eller ti - det vart litt mange lappar etterkvart...). Planane er ikkje så veldig klare, men eg kjem sikkert ikkje til å bruke alle mønstra saman. Me får sjå... Synes det manglar litt gult/oransje her også.

2008_11020007

2008_11020002

Ja da, endå eit strikkeprosjekt. Har ikkje fått leita fram dei gamle skjerfa mine - så istaden strikkar eg eit nytt. Prøver meg på Baktus-skjerfet.

2008_11020009

No er det visst på tide å rydde opp etter middagslaginga. Ha ein fin kveld.

I dived into my fabric stash (scraps & newer fabrics) and cut up some squares this afternoon. I'm sure I can use these for something. Maybe a bag (or ten...)

I've also started on a scarf.

Have a nice Sunday evening :)

--------------------------------------

Ps. Eg har visst eit lite jubileum i dag.

Når eg teller etter visar det seg at dette er innlegg nr 200! Ikkje så verst, skal eg få lov å seie det sjølv :)

Det må vi vel feire litt. Legg igjen ein kommentar her før fredag, så er du med på trekninga av ein liten premie.

This is my 200th post! Leave a comment before Friday, and you may win a little surprise :)

9 kommentarer:

  1. Gratulerer! Jeg er veldig spent på resultatet av alle lappene!

    SvarSlett
  2. Det var ein god haugmed lappar :)
    Blir spennande å sjå resultatet etter kvart.
    Gratulerer med 200 innlegg. Alltid kjekt å lese bloggen din

    Klem
    Gry

    SvarSlett
  3. Då eg kika på vinterinnlegget ditt litt lenger nede, trudde eg det var bilete av Ørsta kyrkje. Kan det stemme at det er litt likt??? Blir så misunnleg når eg ser alle dei fantastiske handarbeidsprosjekta dine. Eg held framleis på med nokre pulsvarmarar eg starta på tidleg i vår.... Kjenner eg meg sjølv rett vert dei aldri ferdige.... Gratulerer så mykje med jubileum, forresten!

    SvarSlett
  4. Lovely squares! I bet you'll make something so fun and cute with it!

    SvarSlett
  5. Eg ser at eg må skrive noko. Alltid kjekt å sjå om ein kan vinne ein premie. Førebels einaste gut i trekninga... Er det rart? Gratulerer med jubileet!


    -Ole Mathis

    SvarSlett
  6. heisann Solveig, må innom og kikke og sjå ka du driver på med. Har du plass til meir på hybelen din no ?? Du er ei flittig dame ....gratulerer med jubileumet. Skal bli spennende å sjå ka alle lappane dine blir t.
    Ha ei flott veke, her på Hadeland har d blitt litt vinter.
    Aashild

    SvarSlett
  7. There are LOTS of squares... are you sure you could only make 10? ;) I like the purple/pink one with the sepherdess on the top.

    Btw, congrats on your 200th post!

    SvarSlett
  8. Gratulerer...

    Er imponert over alle lappane dine.

    SvarSlett
  9. Ja, vi er med!
    Gratulerer med 200 innlegg! Kjekt å sjå kva du finn på..

    Marie

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails