søndag 11. januar 2009

Fram og tilbake er langt

Då er eg tilbake i kvardagen igjen. Det føltes nesten som juleferie igjen å plutseleg vere heime med nesten alle søsken i huset... Men det er langt frå Sørlandet til Sunnmøre. Og etter å ha tatt den 15 timars reisa (litt for dyrt med fly synes eg) 3 gongar i løpet av ei veke - er eg vel forsynt med reising for ei stund.

Takk for alle fine helsingar :)

2009_01110018

Kunne ha brukt bussturane til strikking sjølvsagt, men det blir eg litt dårleg av.  Og så prøver eg å sove så mykje som mogleg.

Eg har likevel fått tid til litt handarbeid i veka som gjekk. Thermis er visst veldig i farta for tida, og eg slengde meg på bølga. Denne oransje i alpakka-garn har vore i bruk fleire dagar allereie. Dessverre vart den litt stor, eller så er det alpakkagarnet som er litt for tøyeleg.

 2009_01110094

Eg er også i gang med ein ny i Merino-garn.2009_01110097

Søstra mi fann meir garn til meg i Bergen, så no kan eg også gjere ferdig Kauni-sjalet mitt.

2009_01110091

Ha ei fin veke alle saman!

3 kommentarer:

  1. Du er jammen god som reiser så mye, en blir sliten av det!

    Thermis er fin! Hvis tida strekker til blir det kanskje en til meg og. (Har garn og mønster til to prosjekter liggende på vent).

    SvarSlett
  2. Hei! Eg er på ingen måte eit strikkande menneske, men no har eg bestemt meg for å gå grundig til verks. Har fått tak i Thermisoppskrifta, men på engelsk!!!!! Veit du om ein norsk variant, kanskje???

    SvarSlett
  3. Godt å vere tilbake til normalen, tenkjer eg..Slitsom med slike lange reiser..
    Eg og lurte på om denne oppskrifta finnes i norsk utgave..

    Ha ein fin kveld..

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails