onsdag 21. oktober 2009

Kurs

Eg har begynt på kurs! Sy-bunadskjorte-kurs!

Mi gamle skjorte er for liten (ho har i grunnen alltid vore litt lita, og no har ho i tillegg krympa litt – kremt).

Det har også begynt å bli hol eit par plassar, så det er på tide med ei ny. Og sidan dei ikkje har slike skjorter på H&M eller Cubus, så får eg lage ei sjølv.

DSCF1458 

Eg har ikkje kome så langt enno – mista 2 kveldar pga haustferie og at eg ikkje hadde stoffet klart. Men no er eg i gong.

Vi startar med armlinningane. Her må vi telle trådar og tråkle litt først, for å merke av der vi skal klippe og trekke ut trådar. Augene går litt i kryss etter ei stund med stirring på og telling av tynne lintrådar.

DSCF1462

På mandag var eg klar for å starte holsaumen. Så langt kom eg på ein kveld:

DSCF1475b

Det er langt att…….Slik skal ermene vere til slutt.

skjorte2

Holsaum er det også rundt halsen:

skjorte3

Skal tru om det vert ny skjorte til bryllupsfeiring i påska?… Det får nesten vere målet mitt.

skjorte1

PS: Dette er skjorta til Ørsta-bunaden. Her leikar eg og systra postkort i bunadane våre…

postkort

------------------

I need a new shirt for my “bunad” (Norwegian national dress). I’m taking evening classes to learn how to make one myself. As you can see from the photos of my old shirt, it has a lot of embroidery.

And I’ve not come very far. My goal is to have it finished by easter time.

5 kommentarer:

  1. Kva bunad er det du har? Eg har ikkje sunnmørsbunad/ørskogsbunad sjøl om eg er sunnmøring så eg klarar ikkje å sjå på skjorta om det er den sidan eg ikkje har heilt peiling på den. men syns å hugse at den har noko tistelliknande broderi... og det har ikkje di. Blir litt nyskjerrig :p

    SvarSlett
  2. Tøffing! Men hvordan skal det bli når du ikke får jobbe med farger? Kanskje det blir et flott heklearbeid på siden..?

    SvarSlett
  3. Innponerande, her må man ha godt syn og stø kurs.
    Eg kan det ikkje, men veit godt kva arbeid det er...

    SvarSlett
  4. Lykke til! jeg synes du kom langt på en kveld jeg - mange som går på bunadkurs gjør atskillig mindre ppr. kveld.

    SvarSlett
  5. Så spennende å lage sin egen bunadskjorte, men det må være litt av en jobb med så mye broderi.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails