Så kom hurtigruta fram til Kirkenes og vi avslutta skuleåret. Skal seie tida etter påske forsvann fort…
I bakkane ovanfor skulen min held dei på gamle tradisjonar og hesjar graset. Så koseleg å sjå, minner meg om mormor og hesjing på marka hennar.
I går var vi på jonsokfeiring på gamleskulen min. Lurvetog (som eg nok ikkje var med på ), kaffi og kaker og mjølkeringe.
Og bål.
Og no som det er ferie er det tid til å få gjort ein del i huset. Har ein del punkt på jobbelista: Fliser over kjøkkenbenken, male nokre veggar, vaske uteveggar, male ute, vaske terrassegolv, beise terrassegolv, klippe fleire busker i hagen, grave opp røtter, plante nytt, fjerne skvalderkål… etc…
Eg har ikkje planlagt nokre lengre ferieturar enno.Håpar på litt opphaldsver i sommar slik at eg kjem litt nedover lista mi
No i det siste har eg og pappa jobba på eit felles prosjekt. De kan få gjette litt på kva det skal bli til slutt…
God sommer! Skal det bli et stettefat? Jeg savner tiden på kunst og håndverkstudiene når jeg ser dette bildet.
SvarSlettGod sommer Solveig. Synes prosjektet ser ut til å bli et kakestativ. Sunnmøringer er kjent for flotte kakebord, og stabling i høyden gjør at en får plass til enda flere kaker. Det kan vel slumpe til med et bryllup i ny og ne også.
SvarSlettHåper du kommer et godt stykke på "må gjøre"-lista i sommer.
Anne Berit