søndag 6. november 2011

Koselege regnskyer…

Av og til er det kjekt med formingsoppgåver som høver til veret… I sommar/haust har det vore nok av regn, så då fekk eg lyst til å sette elevane igong med å lage kvar si sky med regndråpar.

Eg har sett mange variantar av slike skyer rundt i internett-verda, mellom anna her og her og her +++

558

Og elevane har vore flinke og tålmodige. Dette prosjektet har tatt nokre veker.

559

Først teikna alle si eiga sky. Den vart teikne av på filt og klipt ut. Rundt kanten sydde elevane med kastesting. Sjølvsagt blir det ekstra fint med tungesting, men det droppa vi denne gongen.

560

Eg hjalp dei med å sy igjen åpninga etter at dei hadde stappa vatt inni. Dei valgte sjølv kva fargar dei vill ha på dråpane, klipte dei ut og limte dei på sølvtråden. Litt skeivt her og der – men det er berre sjarmerande.

561

Nokre av gutane ville også ha på eit lyn. Litt ekstra sying for dei.

562

Eg hjalp til med montering av regndråpetrådane til slutt. Men mesteparten av jobben har dei gjort sjølve. Ikkje verst av ei tredjeklasse!

564

This has been the art project in my class this fall. A art project that matches the weather we’ve had…

The children did most of the work themselves – drawing their own cloud, sewing around it , stuffing it, choosing colours fro the rain drops, cutting them out from felt, glueing them on the silver yarn. I helped with a few details.

They’ve worked on these for weeks. And did a great job! And they’re in third grade (8 years old)!

 

5 kommentarer:

  1. Så utrolig fine skyer! Imponert over 3.klassingene :)
    Skal jammen notere meg ideen til senere kunst og håndverk med elever!

    SvarSlett
  2. Kjempefine! Det er sikkert veldig kjekt for åtteåringene å komme hjem med et så flott arbeid!

    SvarSlett
  3. I love children's art sessions at school. I love watching them create, each one completely different and lovely in their own way and the best bit is hanging them all up on display. The sad part is taking the art work down so they can take them home.

    SvarSlett
  4. Vilka vackra molnmobiler.
    Kram Birgitta

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails