mandag 17. juni 2013
Isometrisk–mønster
Treng de eit sommarprosjekt? Kan anbefale litt rombehekling…
Mønsteret er ganske enkelt:
Alle rombene er hekla på samme måte, bortsett frå dei halve der du stoppar etter rad 10.
Til eit teppe som mitt, i storleik 100 x 160 cm, treng du:
45 blå romber
45 svarte romber
41 kvite romber
8 halve kvite romber
Med mi heklefastheit (10 cm = 17 stavar) fekk eg litt meir enn 5 romber av eit nøste på 50 gram.
Eg har brukt DROPS Karisma. Ferdig veg teppet 1250 gram.
Eit lurt tips: La det vere ca 25-30 cm trådende i starten og slutten av rombene. Desse trådendane brukar du til å sy saman rombene til slutt. Her har eg teikna eit diagram for samansyinga. Håpar de skjønar teikninga og ser kvar dei ulike endane vert brukt.
Mønster:
---Dei første 3 lm i kvar rad vert rekna som 1 st---
Rad 1: 4 lm, 1 st i første lm.
Rad 2: 3 lm, 1 st i samme m (der nåla peikar på øverste bilde), 2 st i neste m (der nåla peikar på nederste bilde).
Rad 3: 3 lm, 1 st i samme m, 1 st i neste 2 m, 2 st i siste m.
Rad 4: 3 lm, 1 st i samme m, 1 st i neste 4 m, 2 st i siste m.
Rad 5-10: Fortsett på samme måte med auking i sidene og 2 st meir i midten for kvar rad.
No har du hekla halve romba. No startar du med felling i kvar side. Dei to første og dei to siste stavane vert hekla saman.
Slik heklar du 2 stavar saman: Hekle to stavar, men stopp halvvegs - vent med siste gjennomtrekk av tråden til begge stavane er ferdig (tre løkker på kroken). Då dreg du tråden gjennom alle løkkene. Denne videoen viser teknikken (men ver obs på at her heklar dei tre stavar saman). I starten av kvar omgong vert den første st 2 lm.
Rad 11: 2 st saman (nåla på øverste bilde peikar på kvar du skal hekle andre stav på omgongen), 16 st, 2 st saman.
Rad 12: 2 st saman, 14 st, 2 st saman.
Rad 13-18: Fortsett på samme måte, 2 færre stavar i midten for kvar omgong.
Rad 19: 2 st saman, 2 st saman.
Rad 20: 2 st saman.
Og som ein bonus legg eg ved eit diagram over mønsteret.
Obs! Første stav i kvar omgong er alltid 3 lm. I fellingsomg. er første stav 2 lm (sidan den skal heklast saman med neste stav.
Lykke til!
A tutorial in English will be posted later
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så flott at du deler oppskriften. teppet ble så flott og stilig.
SvarSlettKlem
Beautiful! I can't wait for the English pattern so that I can make this for my 8 year old son's bed - if he likes the pattern. I'm so glad you have come up with a pattern that is in dc and not sc. It will go much faster. Thank you!!!
SvarSlettAwesome thanks!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
SvarSlettSolveig, how kind you are to post a pattern for this clever tumbling blocks "patchwork" crocheted design. So many possibilities of playing around with the colorways.
SvarSlettAges ago I knitted a tumbling blocks jumper for my mom that made use of lots of varying blue tones, light and medium and very dark for the optical effect. Turned out well.
xo
Hello bonjour. This Vasarely granny
SvarSlett( like the name of the Artist Vasarely)
Is also what I am crocheting ...but just with single crochet.
What you have made is so beautifull, bravo!
FleurBelge
gøygøy. Da jeg så pleddet ditt var jeg villig til å legge alt annet bort og starte på et nytt pledd... "heldigvis" klarte jeg ikke bestemme meg for farge, men en dag!
SvarSlettTusen takk for at du deler.
Bente
Hei! Beklager sent svar, heldigvis er det bedre sent enn aldri :)
SvarSlettDa vi var i Sverige tok jeg ut 1500 i kontanter, men brukte ikke så mye på loppiser, siden prisene var fine. Men det er kjekt å ha "småpenger", 10 -20 og 50 lapper, så det ikke blir så store sedler som må veksles siden det stort sett er hos privatpersoner.
Lykke til om du drar på loppistur:)
Kjempestilig teppe du har hekla!! Fikk lyst til å finne frem heklenåla jeg også :) Ha en fin dag! Klem,Randi.
Como faço para emendar os bloquinhos. Obrigada. Anadeth
SvarSlett