Eg har prøvd meg på ein ny teknikk i det siste. Hakking.
Noko som eg trudde var komplisert, men som slett ikkje var det.
Og putetrekk er ein passe storleik å øve seg på. Eg skulle også ha øve meg på fargeskifte her.
Første prosjekt har eit ganske enkelt mønster…

(Fargane er eigentleg grå og oransje, dei blei veldig forskjellig på dei bilda her…)

Fargeskifte viste seg å vere ganske enkelt så eg kasta meg fort ut i eit større prosjekt. Såpass fort at første prosjekt eigentleg ikkje vart heilt ferdig som de ser…

Her brukte eg mitt favoritt-broderimønster igjen. Sjølve hakkinga og fargeskifta går greitt, men her enda eg opp med ein drøss endar som måtte festast til slutt.

Så måtte eg prøve meg med tjukkare krok og dobbel tråd. Artig det også, og det gjekk mykje fortare sjølvsagt.
Det kjem heilt sikkert fleir hakke-saker her i frå! Går de inn på youtube finn de mange videoar som forklarar både hakketeknikken og korleis få til fine fargeskift. Hakking vert kalla tunisian crochet der ute i verda.


I have tried something new lately. Tunisian crochet. I thought it was difficult, but really it isn't.
I started with a simple cross pattern. I quickly moved on to a more complicated pattern: My favourite CK embroidery pattern. The colour changes were no problem, but here I ended up with a lot of ends to weave in… Then I had to try using a larger grochet hook and two strands of yarn. I made up a flower pattern for this project. Now I only need to finish these, and make a back. For these all will become pillows…
You can find lots of videos on youtube explaining how to do tunisian crochet, and how to do the colour changes correctly.
