Maybelle-teppet som eg skreiv om her har endeleg blitt skikkeleg ferdig.
Det einaste som mangla var å feste dei siste trådane…
Teppet skal vere ein av gevinstane i julelotteriet til Ørsta husflidslag, så no måtte det berre gjerast.
Eg har brukt forskjellig superwash-garn i dette teppet, og 4 mm heklekrok. Mønster på Blomsterrutene finn de her.
Eg hekla saman rutene i siste omgang med kvitt. Kan kanskje vise korleis eg gjorde det seinare (har nemleg fleire blomster liggande).
Må kome attende til dei vitale måla (storleik og vekt og slikt – det har eg gløymt å måle…)
Bur du i Ørstaområdet må du ta ein tur innom julesalget i Ørsta husflidlag sine lokale (laurdagar i nov-des). Der kan du kjøpe handlaga produkt og kjøpe lodd. Mange fine gevinstar!
I finally finished my Maybelle blanket. (Only needed to weave in the last ends…)
Fantastisk fint teppe !!! Flotte fargar !
SvarSlettHeldig den som blir vinnaren !!!
Det var kjempefint, Solveig! Nydelege fargar! Spørst om ikkje eg må innom og ta lodd;)
SvarSlettWhaow, and I thought your last blanket was the prettiest I had ever seen. This is absolutely fabulous.
SvarSlettSå godt at jeg fant frem hit :) Har lagt meg til som følger. Masse fint og mye inspirasjon å hente her hos deg ;)
SvarSlett