onsdag 30. mai 2007

Vesker er gøy!


Fann ei fin fransk veskebok på nettet og bestilte den, så klart.
Her er første eksemplar. Voksdukar kan brukast til så mangt. No leitar eg berre etter ein raud duk med kvite prikkar. Det blir sommarveske det!
Ser eg var litt snar med å tegne opp mønsteret. Tenkte ikkje heilt på å få prikkane symmetriske. Hadde eg forstått meir fransk, så hadde eg sikkert lest om det i oppskrifta.
- Men no har eg kjøpt ordbok...

tirsdag 29. mai 2007

Knitted babes


Kjøpte denne boka for eit par år sidan, og har strikka 5 babes etter det (trur eg). Dei fleste jentene har flytta ut no, dessverre utan at eg hugsa å ta bilde av dei...


Rita er den nyaste, ho flytta til Kvinesdal i går, sjølvsagt med ei lita garderobe.



I've knitted 5 babes now. This is the newest one, Rita, who moved away from home yesterday. She left with a little wardrobe, of course.

No startar vi


Har lenge tenkt på å kome i gong, og no gjer eg det. Er ikkje heilt sikker på bloggnavnet endå, men vi får sjå kva det blir til. Eg har blitt inspirert av alle dei andre flotte bloggane der ute. Så får vi sjå om nokon andre finn vegen hit...

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails