Vi har lært om vekedagane i engelsktimane dei siste vekene. Då var også ei oppgåve å fortelle om sin favorittdag. Sjølvsagt lurte elevane på kva som var min favorittdag.
Det er ein kombinasjon av fredags kveld (to dagar fri framfor meg, jippi!) og laurdags morgon (treng ikkje stå opp tidleg, framleis mykje igjen av helga).
Mellom elevane var det mykje laurdagen som var favorittdagen - då er det laurdagsgodt. Men det var litt søtt med dei som sa at mandagen er favoritten for då er det skule og dei treffer meg igjen. (Ja, det er kjekt å ha 2. klasse, dei er flinke med komplimentane.)
Kva er din favorittdag?
Eg har lenge beundra diverse sommerfuglbilder ute i den store verda (sett på flickr og andre stader). Når eg var liten kalte eg sommarfuglar for blomsterfuglar.
Så eg kjøpte meg ein stor somarfugl-utstansar (eller kva er det dei heiter) for ei stund sidan. Onsdag fann eg fram litt papir og "stansa" i veg.
Hadde ei ramme liggande også, frå den gongen idéen første gong dukka opp i hovudet, og limputer hadde eg også. Det einaste eg ikkje hadde var kvit kartong til bakgrunnen, så det blei lysegrått.
Slik blei det. (Beklager eit litt dårleg blitsbilde.)
Noko anna eg lenge har tenkt eg skulle lage meg er eit strikkepinne-etui. Jammen fekk eg ikkje snekra saman eitt i ettermiddag.
Kjekt å få brukt stempla mine også, sjølv om kommaet måtte tegnast på frihand.
Ser tydeleg at det er 3,5 pinnane som oftast vert borte når eg treng dei - der har eg supplert med opptil fleire sett. 2 mm hadde eg visst ikkje, men det er greitt med ei lomme til anna tilbehør også fann eg ut. Dessutan er det ille nok å strikke med 2,5 mm.
Ha ein fin fredagskveld og ein avslappande laurdagsformiddag.
----------------------------------
My class has been learning the names of the weekdays in English lately. When talking about their favourite day, they asked about my favourite. Friday evening is my favourite evening - looking foreward to two days of not working. (Even though I have a very nice job, I must say). And I like Saturday morning - sleep a little longer, still the beginning of the weekend.
I like butterflies, and made this butterfly collage this week. (Have seen many like this around).
I also got round to making myself a knitting needle case today. All these years of knitting and sewing and I haven't made one before... Allmost embarrassing.
Have a nice weekend.