torsdag 19. mai 2016

Konfirmasjoneteppe #4

I helga var det konfirmasjon i familien, og eg held fram med tradisjonen med å gi vekk eit konfirmasjonsgåveteppe.
Klarte også denne gongen å ikkje starte i særleg god tid - så det blei ganske intensiv hekling denne gongen også...
... og siste innspurt på bilturen nedover vestlandet...


Start: 8. april.




Jane Eyre passa perfekt til å få festa ein haug med trådendar.



Ca 16 fargar + kvitt frå Karisma, Smart, Falk.




Brukte samanhengande samanhekling denne gongen også, det har blitt min favorittmetode.


Ein enkel bord rundt til slutt.
 



Heklenål 4,5 mm
675 gr garn i 16 fargar
630 gr garn i kvitt


Niece number 3 had her confirmation this weekend.
I have started a tradition of gifting blankets to my nieces and nephews at these ocations. 
I didn't give myself plenty of time to make this, started april 8... 
But, I finished in time, with some last minute crocheting in the car on the way.

Vital facts:

Yarn: 16 colours + white in three different DK yarns
Hook: 4,5 mm
Amount of yarn used: 675 grams for the coloured circles
630 grams of white (+ some purple for the border)


post signature

torsdag 12. mai 2016

Melodi Grand Prix - ESC

Melodi grand prix har nesten alltid vore eit av favorittprogramma mine - heilt sidan ca 1980.
Leitar eg godt i kassene på loftet finn eg heilt sikkert kassettane med opptak frå radioen gjennom heile 80-talet...
Og eg kan nok synge med på altfor mange av bidraga opp igjennom tidene.

Så denne veka er programmet klart :)


I helga vert det samling med storfamilien, og eg reknar med det vert stemning i stove med masse folk og mange synspunkt på songar og antrekk.

For å auke spenninga litt har eg laga ein Melodi Grand Prix-bingo, med klassiske grand prix-element som stikkord.

Er det fleire som vil prøve seg på den, så finn de linken her:

Melodi Grand Prix BINGO

No er vi litt skuffa over at Noreg ikkje kom til finala i år, men vi finn nok nokon nye å heie på.
Australia eller Bulgaria for eksempel :)

onsdag 11. mai 2016

17. mai - Hurra!!


På husflidslaget vårt ha vi vevd band i det siste. I nasjonale fargar kan desse bli fine 17. mai-sløyfer.
Vil de ha framgangsmåten kan de sjå på sidene til Ung husflid.


Eg har også leita fram dei hekla 17. mai-blomstane.
Oppskrifta til dei finn de her:




post signature

torsdag 5. mai 2016

Elsa og Anna

Minsteniese vart 2 år i slutten av april. Forrige helg hadde vi selskap og eg fekk lov til å lage kake.
Og sidan Anna og Elsa er favorittar så vart kaka inspirert av det.



Laga vanleg sjokoladekake etter favorittoppskrifta, oste-smørkrem med bringebær, blått marsipanlokk, kvite marsipansnøkrystallar og små leikefigurar frå forundringsegg i leikebutikken (eg og butikkjenta kika inni alle for å finne Anna og Elsa og Olaf...)



Hadde først tenkt å lage toetasjers kake, men fekk kalde føtter. (Såg for meg korleis alt berre seig ihop...)
  

My youngest niece just turned two, and I got to make the cake. Anna and Elsa are favourites, so they were the inspirations. 
Chocolate cake and raspberry cream cheese frosting inside.

Vår

Eg er ein smule på etterskot når det blogging, for å seie det enkelt...
No fann eg endeleg kabelen til fotoapparatet, så då kan eg vise fram ting frå tidleg i vår.


Her er påskekransen min for eksempel :) Hekla egg og kyllingar, og ribba ein bukett med jukse-påskeliljer frå Europris.


Tildeg i vinter starta eg på eit par vottepar. Det eine paret kom berre til nesten ferdig 1, vott...
Med Songbird-vottane var så fine at dei klarte eg å få ferdig og bruke før vinteren var over!
Har aldri strikka så mykje med 2 mm pinnar før. Finull og Kauni er nok også ein anelse før tjukt garn, men eg klarte ikkje å få tak i noko tynnare då. 
Dessutan ville eg prøve fargeskifting-effekten i Kauni. Er godt fornøgd med at eg klarte å få vottane så pass like i fargeskiftinga.
Mønster: Songbird Mittens av Erica Heusser




Ooops. No blogging all spring... That is why I just have to show you my Easter wreath now :)
Crocheted eggs and chickens, and cheap fake daffodils.

I also started on a couple of mitten pairs this winter. The first pair only got so far as the first mitten... But when I stumbled upon the Songbird pattern I just had to start on them too. And they where so fun to make (even on 2 mm needles) that they got finished and even used before the winter was over.
Pattern: Songbird Mittens by Erica Heusser


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails