Tenkte eg skulle klare å lage eit siste innlegg før vi stormar inn i april. Då aukar antalet innlegg i mars med 100%… til to… Ikkje akkurat voldsom aktivitet her i det siste.
Men eg har tru på at eg snart er inne i husværet mitt og at eg kan pakke ut symaskina mi og fleire av hobbysakene. Eg saknar symaskina altså. Har mange ting på planar-om-å-sy-lista.
Kvitevarer, benkeplate og vask er i hus. No må dei berre “puslast” saman. Pakka ut benkeplatene i kveld og la dei på plass, berre for å finne ut at dei nokre mm for store. Så då må karane fikse litt i morgon. Kanskje er vask og platetopp på plass i morgon når eg kjem frå jobb…
Eg malar karmar og prøver å ikkje irritere meg over humpane i golvet. (Ikkje berre berre å legge parkett over gamalt limoleumsgolv som ikkje var så flatt som vi trudde...)
Og så prøver eg å lokalisere alle plakatar og trykk eg har kjøpt dei siste åra. Har ikkje heilt bestemt meg for om eg likar svarte, kvite eller gamle rammer best. Kjem til å bli ei god blanding tenkjer eg.
Dei oransje vasene mine har fått selskap av eit par syskjenborn i turkis og gult. Dei står i vinduskarmen (som treng pussing og maling) og ser ut på restane av gamlekjøkkenet på terrassen. Så snart snøen smeltar vert det tur til reinhaldsverket!
Og så over til noko heilt anna.
For ei stund sidan las eg om Håndlaga 2011. Ei konkurranse i handlaga saker og ting. Der kunne ein nominere ting i 8 kategoriar, og ein fekk lov til å nominere ein sjølvlaga ting og noko frå andre. I eit frimodig augeblikk nominerte eg hekleteppet mitt.
Og i dag såg eg at teppet er ein av dei ti finalistane i kategori 5 – “til hjemmet”.
Har de lyst til å stemme på teppet mitt så kan de det, altså. Hint, hint… Men der er også mange andre fine saker, sjølvsagt. Og de kan stemme i alle kategoriar. Klikk og stem!