Her kjem bilda som eg lovte. Har traska rundt i Oslo ganske så fornøgd i dag. Er berre litt forundra over at ikkje alle har spurt meg om kven som har strikka den fine jakka mi.
Men eg kom nesten på tv då eg gjekk nedover Karl Johan. Berre sånn ca 3-4 tv-team ute i dag og intervjua folk som eg gjekk forbi.
Eg er veldig fornøgd med ryggen. Fronten treng enno litt strekking og blokking. Knappestolpane har ei heilt anna lengde enn perlestrikkinga så dei svingar litt hit og dit. Men ikkje verre enn at jakka kan brukast.
I går var det heller vått i oslogatene, så skoa mine hadde det ikkje bra.
(Tok dei andre, ikkje fullt så fine, skoa i dag.)
I tilleg gjekk eg rundt og kika opp på taka heile tida. Litt redd for takras...
Betre ver i dag, og eg og søster var på snopetur til Snella & Petronella.
Det blei nokre knappar og en ny ring.
This is my Sylvi. Used for the first time today. Yes, I'm pleased. The front need some more blocking. But I'll do that when I come home. Until then I will use it as it is.