mandag 29. oktober 2007

Mimre - mimre...

Hugsar de desse favorittane frå Barne-TV?

Dei var i alle fall favorittar hos meg, ein gong for leenge sidan. Det var tider det... Bildene har eg funne rundt omkring. (Håpar eg ikkje bryt altfor mange reglar her) Sjekk ut denne sida dersom de også er klare for litt mimring.
Er det fleire som hugsar at det ikkje var barne-tv på mandagar? -Eller er det berre eg som er så skrekkeleg gammal :)

Just remembering... Images from the TV shows we used to watch a long time ago, when we only had one channel on TV and they didn't even have childrens tv everyday. Mondays were boring then. Maybe we got too much Tv in the weekend so the people in NRK decided we needed one day off?...

fredag 26. oktober 2007

Helg igjen

Nei sjå, der vart det fredag igjen. Ingen planar denne helga, bortsett frå å sy eit par vesker eller noko anna, strikke ein dress og litt andre ting, kan også godt hekle litt - jepp, eg skal slappe av :)
Burde forresten også vaske klede, rydde, støvsuge, rydde i klesskapet...
Hmmm, får sjå kva eg får gjort medan eg høyrer favorittradioprogramma mine på radioen i morgon. (NRK P1 ca 13.00 til 17.00)
Må kanskje ein tur til byen også. Ooops, ser ut til at to dagar med helg er litt for lite.

Neste veke vert i alle fall travel, med korøvingar tysdag, fredag, laurdag og to konsertar på søndag. + mykje ekstra på jobb også.

Pust...

Også litt bilder frå forrige helg i Oslo:
Å vere med tantene på shopping er stor stas ser det ut til.
Eigentleg vart det ikkje så mykje shopping på denne turen. Fireåringen var flink til å gi beskjed når vi hadde brukt nok tid inne i butikkane :)

Her har vi kjøpt nytt: hue, skjerf og hanskar

sss

Kjøpte litt gamalt sy"stash" på loppemarked i Oslo.

søndag 21. oktober 2007

Veske og Oslotur


Brown linen
Originally uploaded by solgrim
Favorittfargane for tida!
Fekk eit par japanske bøker i posten nettopp. Der var det m.a. ei veske nesten som dette som eg likte veldig godt.
Eg kasta meg sjølvsagt over stofflageret og kom fram til denne kombinasjonen. Har meir stoff igjen, så kanskje det blir fleire?

Har også laga eit skjerf med dei samme stoffa. Bilde av det kjem seinare.

Eg er på Oslo-tur i helga. De som likar strikking bør ta ein tur på kunstindustrimuseet og sjå på strikkeutstillinga der: Strikknikk. Den har vore utstilt i Bergen før. Meir her og her.

Sekskantar

Eg har eit nytt langtidsprosjekt på gong. Dette skal bli eit teppe ein gong, vonar eg. Og her skal det brukast restegarn! Så langt har eg brukt ein haug med små nøster eg har liggande: totråds-ullgarn, babyull, tynn alpakka etc. Sekskantane vert ikkje heilt like store, men det jamnar seg ut etterkvart. Trådane festar eg etterkvart og sekskantane vert hekla saman i siste runde. Då sleppe eg den meir kjedelege jobben med festing av trådar og samansying til slutt.

lørdag 13. oktober 2007

Hyttetur m/mus

Eg har vore på hyttetur ei natt. Langt inn i elgskogane i indre Agder. Speidarhytta vår ligg ved Homevann i Finsland. Ein fin plass, og hytta blir finare heile tida. Den er frå femtitalet og treng litt omsorg. Vi var ni jenter og to vaksne - og viste det seg - fleire av det firbeinte slaget :(
Musa som budde i ei kasse på stova fekk vi ut utan for mykje dramatikk. Då det også viste seg å vere ei mus i soverommet vi vaksne hadde tenkt å bruke stengte vi døra til det rommet og fann ut at stova no måtte vere den beste plassen å sove. Musa som sprang fram og tilbake i skjulet v/doane kunne berre halde seg der. Men då eg skulle sløkke lyset på kjøkkenet og såg musa som budde der (med direkte inngang stova) vart vi litt skeptiske. Litt mekking måtte til for å stenge holet mellom kjøkken og stove. Så tenkte vi at det var trygt å legge oss. (Ja, eg veit at mus ikkje er så farlege. Men det er likevel ikkje kjekt å sove i eit rom der ein veit at mus spring omkring og kryp overalt).
Vi låg ikkje lenge før vi hørte krafsing i kroken og musa hadde klart å kome seg inn likevel. Det resulterte i nokre minutt med jakt under diverse møblar til vi fekk jaga musa attende til kjøkkenet. No stengde vi holet endå betre. Og prøvde å legge oss igjen. Denne gongen fekk vi ligge litt lenger, men så var det krafsing i kroken igjen. Vi fann eit nytt hol, i golvet ved pipa. Vi la ei vedski over og det hjelpte faktisk. Resten av natta var det stille. Gutespeidarane kom opp etter oss i dag, og dei er nok klare for litt musejakt.I've spent one night in this cabin. We thought we were only two adults and 9 girls here, but we discovered we were not alone... One mouse lived in a box in the living room. We got her out. When we were about to go to bed we saw another mouse in the bedroom we had planned to use. Well, we were not going to sleep there so we just closed the door, and decided to sleep in the livingroom instead. But there was another mouse running around... After a couple of attempts (including a chase to scare the mouse out of the room) we managed to cover up all the holes where the mouse could get in. And finally we could sleep. Luckily the girls' bedrooms were mousefree.
They can be cute these forrest-mouses, but not inside, and not where I'm going to sleep...

onsdag 10. oktober 2007

UFO nr 1er borte

Slik blei resultatet. Godt å ikkje ha den liggande lenger. No kan eg kanskje ta ein kikk i boksene mine etter andre, meir gløymte UFOar. Genseren blei ferdig akkurat til det kjøligare oktober-veret.
Eg er fornøgd med genseren :) Skal eg pirke litt så kunne armane ha vore litt lengre og spenna i kragen litt lenger nede. Og eg trur ikkje eg kjem til å sy på paljettar- som dei har gjort i oppskrifta.
Og sjå: Beltet passar perfekt...

I'm so happy to have finished this sweater:) Maybe I should take a look in my boxes and look for other, more forgotten UFOs. (- or maybe not...)

The arms could have been a little bit longer, the bucle on the collar a bit further down, but I'm not going to do anything about that, I'm very pleased with the result. And I finished it just in time for the colder october weather. And did you notice the matching belt?...

onsdag 3. oktober 2007

Haustferie

Så blei det plutseleg oktober. Akkurat no har vi flotte haustdagar her - med sol og klar haustluft. Eg har ferie, å så deilig! Denne gongen har ikkje reist vekk (sparer Oslo-turen til litt seinare i oktober). Har hatt litt beøk, skal få litt meir neste helg, og innimellom håpar eg å få gjort litt med diverse prosjekt som har blitt liggande.

Suddenly it's october, and right now we have the clear, nice autmn weather. No school this week, I'm enjoying the days off. In between family-members coming to visit I'm trying to finish some projects.
Først UFO nr 1, som no er ferdig strikka. Berre montering og halskant igjen. Så spørs det om genseren passar - etter åra i produksjon...

First Ufo nr 1, i've finished the knitting. Just have to weave in the ends and sew it together. Hope it fits after these years in production...
Hadde besøk av niese O på 4 år (og resten av familien hennar) i går. Vi hadde planlagt ei veske og vi rakk å lage den før byturen. Veska skulle ha prinsesse på framsida og blomstrar bak. O teikna prinsessa, og eg overførte teikninga til applikasjon på veska.
My niece (and her family) spent a day with me, and we had planned a new bag for her. Princess on the front of the bag, flowers on the bag. Pink dress for the princess of course. She woke me up yesterday morning to show me the drawing of the princess. We made the bag before we went to town.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails