På tide å finne fram 17. maipynten igjen!
Desse 17. maiblomstane mine som eg hekla først i 2011 er like fine framleis. Også er dei litt berømte, sånn heilt for seg sjølv.
Svigerinna mi fekk ein reklamemail for nokre dagar sidan der det var linka til desse.
Og for nokre månader sidan fekk eg spørsmål om bilde av blomstrane kunne vere med i Norsk Ukeblad no i mai.
I dag er bladet ute – og baksida (!) av blomsten er til og med på framsida.
Dei har berre med bilda av blomsten, oppskrifta finn du her hos meg.
I dag tok eg fram tjukt garn og heklenål nr 6,5 og hekla ein diger blomst. Tenkte å pynte bilen med den. Mimra litt om maiblomstane vi hadde før i tida.
We're getting close to Norway's national day – as you can see This year it's 200 years since we got our constitution so it is even more celebrations than in a normal year…
My crochet flowers in the flag colours are getting a bit famous, appearing in a magazine this week.