Dei siste dagane har eg funne fram symaskina igjen. No var det på tide å gjere ferdig stolane som har stått her sånn halvvegs oppussa.
Eg har samla på spisestue-stolar i forskjellige variantar og dei har fått kvar sin farge av meg.
Den turkise stolen vart ferdig for eit par år sidan. Dei andre har stått her med fin farge, men med stygge setetrekk. Dei skulle nemleg få lappetrekk dei også.
Og no mange lappar seinare:
Alle trekka er laga som ein firkant og quilta med bomullsvatt på baksida for meir stabilitet. Dei er stifta fast i seta, og skulle det vere nødvendig kan dei takast av og vaskast (og stiftast på igjen).
--------
My (vintage) diningroom chairs have been standing here half done for a long time. I finally got round to making the patchwork seat covers this week. I made a square patchwork piece, quilted it with som batting for more stability. I then stapled the patchwork piec on to the seat. Now I only need a red and an orange chair…