Sarah London er ei dame som er god til å hekle. Mange fine mønster har ho også. I haust la ho ut Mystery Motif #2 runde for runde. Eg hekla straks nokre runder av det. Sånn akkurat 6 faktisk.
Eg var litt lei av kvit kant rund heklinga akkurat då, og hadde noko beige garn liggande så då blei det beige kant rundt desse.
No var det på tide å gjere noko med desse sirklane. 3 sirklar til, så hadde eg nok til ei pute. Men eg måtte finne på eit motiv for å fylle igjen hola mellom dei store sirklane. Det vart eit enkelt motiv med 8 fm i startringen, 16 stavar i neste runde og lm og fm i siste runde.
Så ein kant rundt det heile og ei bakside.
Eg måtte trikse litt då eg skulle hekle alt saman. Trudde eg hugsa mønsteret, men plutseleg hekla eg feil på dei to siste sirklane slik at dei fekk 15 tunger på siste runde istaden for 16. (Dei to til venstre i øverste rad).
Laga ei litt meir luftig bakside denne gongen.
-------------------------
I made the first 6 circles of this motif (from Sarah London) in September. It was time to finish it now. I only needed 3 more, a few smaller motifs in between the big circles, a border around them. And a back…
Another pillow for the sofa.