Bokstavar er frykteleg “in” i interiør-kretsane har eg sett. (Iallfall har det vore det…)
Eg har begynt å samle på bokstavar også, men kjem nok ikkje til lage så mange ord med bokstavane mine. Har nemleg bestemt meg for å berre samle på S’ar faktisk… Skal tru kvifor… (hi hi)
Planen er å fylle eine veggen i trappa med dei.
Her er ein S eg har pynta sjølv. Basis er ein papp-S frå Panduro. Banda kjem frå mi lille samling av pynteband… Det var berre å klippe dei i passeleg lengde og lime dei fast med limpistolen. Ikkje så frykteleg avansert, men ein kompliserande faktor var nok at S-en stort sett er laga av kurver… Litt enklare å pynte ein H for eksempel…
---------------
I collect letters too. And only the letter S. I’m sure you can guess why…
My plan is to decorate one wall with them. So far I have a few. This is one I decorated myself. A paper letter from a craft shop and a few ribbons from my little ribbon stash was all I needed. I glued the ribbons on using my hot glue gun. Not too complicated, but it would have been easier if my letter was a H. Too many curves in a S…