torsdag 19. juli 2007

Babette-teppe


Heklelappeteppet eg lagar no heiter Babette (mønsteret). No er eg ferdig med 50 2-er-kvadrat.
I've finished the 50 two-squares for my Babette blanket. They look quite nice as a tower. (I did cheat a little bit - used a knitting needle to keep them from falling...)

Fløyel

Fløyel er veldig fint til livet på brudepikekjolane. Men fysj!! ikkje særleg kjekt å sy i saman med andre stoff. Det går sine egne vegar.


Då blir einaste hjelpemiddel dette: hundrevis av nåler... (I alle fall nesten heile boksa).

Hekle-hekle

Kva kan vi gjere med dette, tru...?
Vi kan lage eit armband!!

Just crochet a few circles. Take a thread and some pearls, put it together and - you have a bracelet.

mandag 16. juli 2007

Brukt

Må alltid innom bruktbutikken når eg er i bygda. Og denne gongen fann eg dette:
3 koppar med fat, heilt utan feil. Perfekt til frukosten.
Desse fann eg ikkje koppane til, dessverre.
Men fata kan nok brukast likevel. Dei var så veldig fine. Kanskje med lys på?
I've been to the secondhand-shop. Found these this time.

Kva skal ein gjere når det regnar?

Veret har vore som dette sidan eg kom til Ørsta...

The weather has been like this lately...


Så då passar det bra at eg har mange prosjekt innandørs. Har stadig nye ærend i garn- og stoffbutikken.

Luckily I have many things to do inside.

Prosjekt nr 1: Hekle nye lappar til eit teppe eg har begynt på. (Har mange igjen...)

Still a long way to go on my Babette-blanket...




Prosjekt nr 2: Sy 5 brudepikekjolar (1 ferdig- 4 igjen)

I'm making 5 flowergirl dresses for my sisters wedding. I've done 1 so far.




Prosjekt nr 3: Lage eit par "bamsar" - Totoro (frå filmen "Min nabo Totoro") Ferdig med dei. Oppskrifta fann eg her.

I made myself a couple of Totoros. Found the pattern here.




Nattbussen

Tok nattbussen heim til Ørsta denne gongen, som så mange gongar før. Eg får for det meste sove, men vaknar likevel inni mellom. Og på fine sommarmorgonar som dette er det ganske fint. Trur dette var rett etter Strynefjellet...

lørdag 7. juli 2007

Kardemomme by






Ein våt dag i dyreparken


Har hatt besøk, og dermed ein grunn til å gå i dyreparken. Sjølvsagt blei det den dagen med aller mest regn...

Dei fleste av dyra heldt seg inne, skjønar det godt.
Så difor blei ikkje bilda av pusekattane særlig fine. Litt for mykje regnvått glas mellom dei og fotoapparatet.
Damene var ute, og herrane inne.
My youngest brother came for a visit, and it was a good reason for going to the zoo. Of course it turned out to be the most rainiest day this summer... The animals prefered to stay indoors, can't blame them.
So the pictures of the big cats are not very good.
But we still got quite close to the lions, they came to the zoo 1 month ago.

tirsdag 3. juli 2007

Weekend-bag

Såg nokre fine weekend-bagar i voksduk-stoff hos Cath Kidston, - dei var litt for dyre til å bestille, så då tenkte eg at det går vel ann å lage sjølv... Har stoffet liggande etter sommarveska mi.
Då var det berre å sette i gong. Det blei nok litt meir komplisert enn eg hadde tenkt i starten. Tittekantar er vanskelege i svingane, kva blir eigentleg omkrinsen når eg skal trekke frå sømrom, hugs å skrive ned justeringar ellers passar ikkje foret, etc. etc. Også alle tapebitane som må plukkast vekk (brukar tape istaden for nåler når eg syr i voksduk- då slepp eg stygge hol). Svett, svett.

Men det gjekk bra til slutt, og eg har ny bag til ferien. (Skal sjølvsagt pakke ein koffert også...)

I wanted a weekend bag like these, and got the good idea that I could make one for myself. Well it got a little more complicated than I had planned, but it turned out pretty good in the end. Quite pleased now, and ready for my holiday. (I'm packing a suitcase as well of course).

Endå fleire vesker

Ikkje akkurat badever for tida, sjølv om det var ganske fint i dag...
Så då har eg god tid ved symaskina :) Her er eit par vesker som er produsert i det siste.
Nei, eg skal ikkje bruke alle disse veskene sjølv... Kjekt å nokre i bakhand for bursdagar og slikt.


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails