onsdag 31. desember 2008

Handarbeidsåret 2008

Det nærmar seg slutten på 2008. Eg har akkurat tid til ei lita handarbeidsårs-kavalkade før nyttårsfeiringsgjestar og bråket frå rakettane fyller huset.

Det blei ein del produkt i løpet av året...
Eg sit ikkje med fingrane stille i fanget akkurat.
Så får vi sjå om det neste året vert like produktivt.
Godt nytt (hobby)år til alle!
This is my crafting in 2008. Hoping to make lots of thing in 2009 too :)
Happy new year to everybody!


mandag 29. desember 2008

Julegåver

No kan eg vise fram litt av julegåvene som vart laga og gitt vekk.

Før jul rakk vi (systra mi og eg) å lage nokre pyntehjerter. Dei fleste (dei største som var mine) blei julegåver.Rita og Priscilla har fått seg havfruedrakter. Penelope var gjerne modell for draktene før eg sendte dei avgarde.
Mamma fekk Swallowtail-sjalet.
Mini-cobblestone til ein nevø.
Husa til to nieser blei også ferdig til slutt.
Kjole og jakke til ei anna niese.
This is most of what I had time to make for Christmas presents this year. Mostly presents for my nieces and nephews.

søndag 28. desember 2008

Glimt frå juleferien

Halvvegs i juleferien alt... På tide med ein liten rapport, kanskje :) Sidan eg har fått henta ut nokre bilder kan eg illustrere også.
Gutane fann til slutt julelysa som virka. Her i huset har vi visst spart på alle lenkene som har vore i bruk gjennom tidene. Som bror min her viser fram så var ikkje alle like fine...
Treet vart ganske fargerikt til slutt, sidan vi mellomanna fann ei lenke med kulørte lys som faktisk virka.
Eg bakte pepparkakehuset medan pyntinga foregjekk. Vi bestemte oss for eit hus i sveitservilla-stil i år.

Er ganske fornøgd med melis-krimskramspynten vi fekk til i mønet på huset.

Til slektsjuleselskapet i går laga vi snømann-muffins. Dei blei vi også svært fornøgde med. Bror vår syns vi er ein smule nerdete som legg så mykje arbeid i nokre skarve muffins...

This is a few photos of our Christmas. As you can see we had trouble finding working lights for the christmas tree... Maybe it's time to tidy the box of lights... I let my sisters and brothers do the decorating and consentrated on making the gingerbread house. It turned out nice.
For the family Christmas party we (my sister and me) made cupcakes. It was fun making these little snowmen in marsipan. (Even if our brother thought it was a bit nerdy to spend so much time and effort on decorating cakes...)

torsdag 25. desember 2008

24.

Eg stikk berre innom litt for å ønske alle ei
GOD JUL!

Julekvelden er overstått, 2-åringen i huset heldt koken oppe til alle pakkane var utdelt (til stor underhaldning for oss tanter og onklar).

No snurrar Mamma Mia i dvd-spelaren og eg har funne fram julestrikkesakene. Pepparkakehuset blei ferdig i dag. Bilder og slikt kjem seinare. (Eg har reist i frå kabelen til fotoapparatet og må finne ei maskin som kan bruke minnekortet...)

Ha det fint vidare i jula!!

---------

Christmas eve is finished here, all the presents are out, and the 2-year-old in the house stayed awake until all of them were opened,-and provided good entertaining for us aunts and uncles.
Now we're watching Mamma Mia and I have my Christmas knitting ready.
I'll be back with photos of the finished gingerbread house tomorrow.
I'm wishing you all a
MERRY CHRISTMAS!!

lørdag 20. desember 2008

20. - juleferie


15 timars busstur er slutt, og eg er framme i Ørsta. Ein må ha rimeleg god busskondis for å ta turen frå Kristiansand til Ørsta.

No har eg fått frukost, så då er det tid for å pakke ut - og sjå om eg har fått med meg det eg skal. (Det er alltid spennande.)

Nokre julegåver treng litt finpuss, og det er visst nokre julekort som bør skrivast. (Postverket treng vel ikkje meir enn eit par dagar for å få dei fram,vel...)
Ha ein fin siste-laurdag-før-jul alle saman.
PS:
Eg la inn to slike sideelement for å få nok snø. La dei også nederst på sida så dei ikkje viser så mykje. Snøtipset fann eg hos Frk. Snupp.

torsdag 18. desember 2008

16.+17.+18.+19.

Lite tid til blogging no.
Her får de litt musikk. Dette er eg med å syng på konsert i kveld.
I morgon reiser eg avgarde på juleferie. Jippi!

mandag 15. desember 2008

15.

2008_12150021

Eg kjøpte dette smykket på Etsy for ei stund sidan. Det kan vel passe bra i desse tider, og ganske greit på jobben som lærar også.

Kanskje eg skal bruke det i morgon når 63 andreklassingar skal spele, synge, danse og vise skuespel for mange foreldre. Det blir spennande å sjå kor mykje dei hugsar på generalprøva i morgon formiddag. Kanskje det vert øving resten av dagen.

Og så har eg heilt gløymt å takke Maret for denne utmerkinga eg fekk frå henne for ei stund sidan. Tusen takk!

Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold. Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.

Eg ser at denne har vore rundt på mange bloggar i det siste, så eg vel å gjere det enkelt akkurat no. Er du innom her så får du denne med meg.

søndag 14. desember 2008

14. - og tredje søndag


Wreaths
Originally uploaded by solgrim

Håpar de har hatt ei fin helg.
Eg begynnar etterkvart å skjønne at eg ikkje rekk å lage stort meir før jul.

Komande veke blir altfor travel med klassa si juleavslutning og to kveldar med julekonsertar. Og så bør eg vel bruke litt tid på å pakke kofferten før eg reiser.

Så då blir i morgon siste ordne-pakkar-og-pakke-inn-kveld.
Det skal nok gå.

Bilda av kransane har eg funne på Flickr. Klikk på bildet så får de vite meir.

lørdag 13. desember 2008

13.

Svart senker natten seg...

Om ei veke er det juleferie:) Eg reiser avgarde og feirar jula saman med familie.

Ser at mange har fått pepparkakehuset alt. "Heime" har det liksom blitt min jobb å lage pepperkakehuset.  Kan ikkje hugse når eg gjorde det første gongen, men det er vel iallfall over 20 år sidan no. Prøvde å gje vekk oppgåva til ein yngre bror eit år (akkurat då var eg litt lei), men han spurde så mykje om hjelp at det blei vel eg som gjorde det til slutt likevel.

Dei første husa var ganske enkle, men så byrja variasjonane. Og no er det vel berre fantasien som set grensene. Eg har bladd igjennom bunkane mine med bilder, men det ser ut til at eg stort sett har gløymt å fotografere desse husa gjennom tidene. Men her har de nokre av bilda eg fann.

Her er borga/kyrkja frå 2004.

pepparkake2004b

pepparkake2004

Prinsesseslottet (Rapunzel) 2006

2007_0116Jula20060027

2007_0116Jula20060090 

Det kan ta litt tid å kome på kva slags hus vi vil lage. I fjor var niesa mi designer.

2007_12300031

2007_12300046minder

Eg fekk med alt på tegninga; hund, hundehus, jente og juletre. 

Og oppskrifta vi brukar er frå dette velbrukte matbladet.

2007_12300024

oppskrift

I'm starting to look foreward to making this years gingerbread house at "home". It has been my "job" for more than 20 years now I think. The most difficult part is coming up with a design idea... Last year my niece was the designer.

I've tried to find photos of the houses, but it seems that i've mostly forgotten to take a photo of them. These are the photos i could find.

fredag 12. desember 2008

12.

Fredag igjen... Og vi er halvvegs til julafta.

Veit ikkje om han er så ofte her inne, men eg må sende ein gratulasjon til eldste lillebror som er 39 i dag. Hipp hurra!

2008_12120004

Har de eit vindu utan pynt. Kva med å lage ei stjerne i papir til å henge der. Ser fin ut og er enkel å lage. Oppskrifta finn du her.

2008_12120008

2008_12120014

Kva eg gjer i kveld? Ordnar med eit par julegåver, så klart. Eit lite glimt her:

2008_12120024 2008_12120026

I morgon skal eg ta med tre nieser på teater.

Ha ein fin laurdag.

 

If you have one or two windows that need some decoration you can make this 3D snowflake. How to here.

torsdag 11. desember 2008

11.

Eg hadde så lyst til å ta bilde av lysa i byen idag. Men med lang eksponeringstid og utan stativ blei det heller eksperimentell fotografering. 2008_12110004

Men de kjenner stemninga, ikkje sant?

 2008_12110007

Butikkane hadde langt-på-kveld-åpent i dag, men eg følte meg ikkje freista til å vere ute så lenge.

2008_12110012

Eg har høyrt på Fredspriskonsert og gjort ferdig strikkeprosjekt i staden. Festa trådar, dampa og sydd på søte små blomster.

2008_12110016 2008_12110019

- Og plutseleg er det helg igjen.

Ha ein fin fredag.

-----

I tried to take some photos of the lights in the town to day. Couldn't hold the camera still, so they are a bit blurry. But you see the nice lights.

The shops were open late this evening, but I didn't want to do shopping today. I've been finishing this little jacket instead. Weaving in ends and sewing on some pretty flowers.

And tomorrow it's weekend again. Have a nice Friday!

onsdag 10. desember 2008

10.

2 veker igjen.

Vi har nydeleg ver for tida, men litt kaldt er det. Og jammen vert det tidleg mørkt. Einaste fordelen med det er at eg kan beundre stjernehimmelen på veg heim frå jobb.

Spesielt er Venus og Jupiter flotte på himmelen no for tida. Dei lyser sterkt i sørvest nokre timar etter solnedgang. Venus er størst, Jupiter er til høgre. Ta ein kikk de også. (Og på fredag er det fullmåne).

2008_12100001

Julegåveverkstaden hos meg går litt treigare enn eg hadde tenkt. Berre ei ny gåve i dag. Og den trur eg eg kan vise fram, sidan nevøen på 2,5 ikkje er så ofte her inne... Fekk tips frå mora om at han har begynt å kreve varmeflaske i senga om kvelden. Og han likar lokomotivet Thomas. Så varmeflasketrekk med Thomas på burde vere perfekt. Brukte mest tid på applikeringa av Thomas på fleecen, så sjølve utforminga av trekket tok eg ikkje så nøye denne gongen. Det vart litt skeivt og bulkete...

2008_12100002 2008_12100003

Og sidan det er onsdag og snart helg igjen, legg eg ved litt musikk.

 

I made this hot water bottle-cover today. My nephew want a hot water bottle in his bed at night, and he loves Thomas the tank engine. Maybe I get to be a favourite aunt for a while after this...

And since it's Wednesday and allmost weekend again I have some swedish Christmas music for you.

Have a nice Thursday.

tirsdag 9. desember 2008

9.

Eg har fundert litt på korleis eg skal få strekt ut swallowtail-sjalet eg strikka. Solveig tipsa meg om at puslematter kan brukast til blokking av sjal. Eg har dessverre ikkje ei slik matte - og det har heller ikkje butikkane i byen no for tida. Men i dag kom eg på at golv-stigespelet eg har i klasserommet nesten er av samme materiale og at det difor sikkert kan brukast. Hurra for gode idéar! Så no ligg sjalet til utstrekking. Stigespelet var dessverre ikkje heilt stort nok, så eg må sjå om det går ann å ta tuppane for seg i morgon .

2008_12090027

I'm using a floor game to block my swallotail . It was not quite large enough, so I'm hoping it's possible to block the remaining parts tomorrow.

thomas

Eg har stadig nokre julegåveprosjekt på gong heime. No nærmar det seg 16. og pakkane bør snart vere i postkassa. Har ingen planar i morgon, så då håpar eg på å få gjort ein del.

I dag har eg vore på korøving og Bach, Berlioz, Mendelssohn og Händel byrjar å kome på plass.

I'm still trying to make presents, not many days left now before they have to be in the mail... Hoping to get a lot done tomorrow.

ecard

mandag 8. desember 2008

8.

I ettermiddag har eg vore effektiv og blei nesten ferdig med eit lite hus til. Fekk retta opp feilen frå i går, og då gjekk det mykje fortare.

Eg har fått eit par utfordringar i det siste.

Frå Liv kom utfordringa om å fortelle 7 ting om meg sjølv.

1. Eg er storesøster til 9 (og etterkvart svigersøster til 5 og tante til 12).

2. Eg var au-pair i England rett etter gymnaset.

3. Har sidan vore anglofil, og kan drømme meg vekk berre eg ser ein bil med britiske skilt eller hører born som snakkar engelsk. Kan gjerne bruke 6 timar i strekk på å sjå ei eller anna Dickens-filmatisering, for ikkje å snakke om Austen...(sukk)

4. Eg har vevd ein 2,5 meter lang linduk til spisebord. (Den har eg enno ikkje fått brukt) Lærte veving på "husmorskulen" der eg tok teikning/form/farge+vev etter au-pair-året mitt.

5. Eg er ganske rotete - kronisk dårleg til å legge ting på plass med ein gong... Men har som regel system i rotet. Har det fullaste skrivebordet på kontoret, som regel.

6. Eg er kjempeflink til å starte nye prosjekt. Tør ikkje heilt å telle etter kor mange eg har liggande... Dei fleste blir ferdig ein eller annan gong.

7. Eg spelte cello før. Håpar eg kan kjøpe meg eit instrument ein gong.

Mandagens favorittar frå flickr. Bruk linken til å få vite meir om bilda.

Lise ville vite 5 ting eg ikkje ønsker meg til jul. Det vart litt vanskeleg å komme på noko, gitt. Men her har vi eit forsøk.ikkeønskertiljul

1. Eg ønsker meg ikkje nips og pynteting.

2. Heller ikkje tallerknar og fat. Har ikkje plass til fleire.

3. Ønsker meg ikkje nissepynt. Heller englar for meg.

4. Eg vil ikkje ha regn til jul. Helst litt snø (i passelege porsjonar).

5. Eg vil ikkje ha sukat i julebrøda. Berre masse rosiner :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails