torsdag 28. februar 2008

Crafting week 9

Kva har eg "crafta" denne veka? Jakka mi.

Eg unnar meg litt luksus av og til, og på tysdag var eg og blei massert. Massøren kommenterte at eg var noko stram i høgre handa, kan det kome av at det har blitt ein del strikking i det siste??

Eg vil ha "tangled yoke"-jakka ferdig til påske, så eg skundar meg alt eg kan. Her har vi arm nr to på veg.
Og her har eg fått alt på ein pinne. Oppimot 400 masker! Det er litt kjedeleg på vrangsida.
Men no nærmar eg meg flettemønsteret - den mest spennande biten. Der ser det ut til at konsentrasjonen må vere på topp - så det spørs om det må vente til helga.
Only knitting these days. I really want to have the tangled yoke cardigan done before easter. Now have all the stitches on one needle - so many stitches... I'm getting ready for the tangled part.

Har nokon sett stemma mi?

Sist sett før middag på mandag. Etter middag var ho vekk, - og eg som skulle på korøving og alt. Det blei liksom ikkje det samme å synge berre inni meg.
Kan ikkje gi noko skildring av ho, det er ei stund sidan eg har høyrt ho utanfrå hovudet mitt.
Trur forresten at ho ho er på veg attende snart, synest eg merka litt til det i dag.
Og bra er det, neste veke skal vi ha seminar med The Real Group, då må eg vere klar til synging.

Har vore på jobb som vanleg, men det er litt vanskeleg å undervise 24 6-åringar utan å bruke stemma...

Have anybody seen my voice? It left on monday - just before my choirpractise!
Well, I think (and hope) it is on it's way back. I feel better today. It not easy to teach 24 6-year-olds without using my voice.

lørdag 23. februar 2008

Veskene er heime

Og dei vart godt mottekne :)

Isbading på Byneset

Når ein har ein passe liten dam i ein bitteliten dal på den nærmaste åkeren, så må vel den vere perfekt for isbading??
Det må i alle fall prøvast ein litt grå dag i februar.

Dei som er 10, 8 og 6 år er ganske tøffe. Med 3 grader i lufta nøgde tante Solveig seg med å ta bilder. A little pond in a field nearby looked perfect for ice bading thought my nephew and nieces (10, 8 & 6). They are much tougher than their aunt (me) who just took the photos... The water was colder than expected (3 degrees C in the air) so it was a quick bath.

Strikka animasjon

Les peaux de lièvres
Imponerande musikkvideo!

søndag 17. februar 2008

I denne veka har eg...

Sydd fire vesker (dersom vi tar med forrige søndag):
Ei til meg sjølv.
Tre som er bursdagsgåver.
Det er viktig å bruke mange nåler :)
Eg har lært å sy i glidelås på ein ny måte.
Så har eg starta på "Tangled Yoke Cardigan". Den skal vere til meg sjølv, og er vinterferieprosjektet i år. Har også kjøpt ein ny film.
Slik vert jakka til slutt. Desse bilda er frå Interweave Knit der mønsteret kan kjøpast.
Dette ser ganske avansert ut, eg er spent på korleis det blir å strikke.
No pakkar eg kofferten og reiser til Trøndelag. Symaskina er pakka ned for ei stund.

Når eg kjem attende skal eg prøve meg på eit quilta-teppe i desse stoffa:

Bildet i bakgrunnen er kjøpt på Etsy, i butikken til Belle and Boo.



Crafting this week:


I've made four bags; one for myself, and three birthday presents. I've started my Tangled Yoke Cardigan; Pattern from Interweave Knits. My sewing machine is put away for now, I'm going on my winterbreak. When I get back, i'm planning to make a red & aqua/blue quilt for myself. The print is from Belle and Boo at Etsy.

fredag 8. februar 2008

Handarbeid kvar dag

Eg er med i ei gruppe på Flickr som heiter Crafting 365. Målet der er å gjere litt handarbeid kvar dag og legge bilder av det inn på gruppesidene.

Dersom eg er heime, så gjer eg som regel eit eller anna, så det er ikkje vanskeleg. Det er verre å få tatt bilete av det ein gjer. Heldigvis så kan eitt bilde rekke over fleire dagar - dersom det er samme arbeidet. Eg har brukt den regelen ein del - og har hatt nokre slappe dagar. Siste bilde eg la inn var nr 54 (men dag 61). Meir enn 300 dagar igjen...

(Ser ein del som er med i 365 dagar med sjølvportrett-grupper. Det trur eg eg skal vente ei stund med.)

Men i handarbeidsgruppa er det mykje spennande å sjå på av det andre folk finn på. Inspirasjon både her og der. Trykk på linken og ta ein kikk sjølv :)

Her mine 36 første:
I'm in a group on Flickr called "Crafting 365". The goal is to do some crafting everyday and post pictures of what you do. The crafting part is easy - when I'm at home I craft. But it's more difficult to remember to take photos and posting them. I've also skipped a few days when I've been doing the same project (and have been away). But I try my best. This is my 36 first photos.

søndag 3. februar 2008

Evighetsprosjekt?

Her er eit prosjekt som eg ikkje ser slutten på. Eit teppe av små sekskantar. Kvar sekskant har ein diameter på 7-8 cm og skal det bli eit skikkeleg teppe må eg vel ha fleire hundre....Så langt har eg ca 40. Eg baserar meg på restegarn, ser at restane minkar no, så eg må nok sørge for at restelageret stadig får påfyll, slik at teppet kan bli stort nok.
Sekskantane er lette å ty til når eg byrjar å bli lei av ribbestrikking f.eks.

Eg er litt systematisk av meg, så eg likar å bruke samlebandsmetoden: Først ei runde med alle fargane, så runde 2 på alle, og så runde 3 og 4-5. Fargebruken er stort sett usystematisk. Prøver å feste trådane etterkvart slik at ikkje den kjedelege jobben står igjen til sist. I siste runde vert sekskantane hekla saman, så her er det ikkje noko samansying.

This is a project thats going to be here for a long time. I want to make a afghan with these hexagons, but I'm going to need hundreds of them. I'm using yarn from my stash so I'll just have to keep it large enough.

I like to use the assembly line method: Do round 1 in every colour first, then round 2, 3, 4&5. The hexagons are joined together in the last round.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails