fredag 23. november 2007

Reklame + Vanter med fletter


Vanter med fletter
Originally uploaded by solgrim
Altfor mykje reklame i postkassa i desse juletider... Ser ikkje så nøye på alt, men såg igjennom brosjyra til Husfliden.
Og tenk, så snille dei er: Inkluderer ei strikkeoppskrift! Desse må eg lage. Kanskje eg til og med tar ein tur innom butikken.
Ser de alle reklamefolk; å legge ved strikkeoppskrifter er bra reklame:)

søndag 18. november 2007

November ettermiddag

Det er omtrent mørkt når eg kjem heim frå jobb, og av og til kan det vere ganske fint.

It's getting dark when I'm coming home from work these days, bur when it looks like this it can be nice.

Messetid

What a messe... Neidå, vi tek det heller på norsk. No er det messetid. Eg hjelpte til med åresalget i heile går. Det er kjekt med messer. Mykje folk, god mat (mmm... smørbrød og kaker), mange lodd, gevinstar, flaks og uflaks. Eg fekk også tatt nokre lodd, og i går hadde eg hellet med meg (meir enn landslaget i fotball hadde, etter det eg høyrer...)

Her er kva eg vann:
Ja, det er ei kransekake! No ligg den i småbitar i frysaren min.
Fekk også med meg ei anna kake, den blir med på jobb i morgon - det er liksom grenser for kor mykje eg kan (bør) ete opp aleine...

Så mykje handarbeid har det ikkje blitt tid til i det siste. Men i dag, som har vore ein skikkeleg "sløvesøndag" på sofaen, har strikka litt på ei hue (mønster "Frivol hat") og sydd ein gymbag til bursdagsbarnet Kine.

Now is the time for fairs. Yesterday it was in my church. I helped with the lottery. It's fun. Lots of people, good food, many prizes, good luck, bad luck... I also won something this time (doesn't happen too often). The best prize was the cake (kransekake) in the plastic bag. It's my favourite! It is now resting in my freezer. I got the chocolate cake too, but I'm taking that to work tomorrow. There are limits to how much I can (and should) eat on my own.

I haven't done much crafting lately, but did get some done today. It's been a very lazy sunday. I've started knitting a "Frivol Hat" and I made a gym bag for my nieces birthday.

mandag 12. november 2007

fredag 9. november 2007

Små vesker

Det blir vist nesten berre blogging i helgane på meg. Vekene går så fort. Og det skjer ikkje så mykje nytt. Forrige helg var travel, med mykje synging, men det var kjekt og mange kom for å høyre på.
No er det tid for sysaker igjen. Eg skal prøve å sy til ei messe, og har tenkt å lage småvesker og papirlommetørklehaldarar. (Hjelp for eit ord - mykje enklare på engelsk: Tissue holders) Dei er ganske raske å sy, det som tek mest tid er å velge og klippe stoffdelane. Så eg har håp om å få laga nokre i løpet av helga.
Kva for ein modell likar de best?

Boks-typen...

Eller den meir høge typen...?
Det blir kaldare ute og dei siste dagane har det blåst litt ekstra. Men endå står det ein liten blomst og held ut novenberdagane her i vegen min.
I'm planning to make some pouches and tissueholders this weekend (for a fair next saturday). They're pretty quick to make, so I'm hoping it goes as planned. Last weekend was busy, had to concerts with the choir I sing in on sunday. Much more time for crafting this weekend :)
The days are quite cold now, but there's still one little flower by the side of my road.

fredag 2. november 2007

Juleverkstad

Kanskje litt tidleg for det enno, men SewMamaSew starta 1. november med "30 dagar med julegåvesying" (fritt oversatt av meg). Kvar dag serverar dei linkar til oppskrifter på forskjellige saker.
Her er det mykje inspirasjon og hente, berre det å lese lista under gir mange nye idear. Så her er det berre å sette i gong, har vel nesten ikkje tid til å gå på jobb...
"Sew,Mama,Sew! Handmade Holidays: 30 Days of Gifts to Sew
November 1 ~ Aprons
November 2 ~ Pincushions & Pins
November 3 ~ For the House
November 4 ~ Lunch Bags
November 5 ~ Tote Bags
November 6 ~ Blankets for Baby
November 7 ~ For your Purse or Pocket
November 8 ~ Whimsy
November 9 ~ Fabric Ornaments
November 10 ~ Ties and Belts
November 11 ~ Reading & Writing
November 12 ~ For the Table
November 13 ~ Placemats
November 14 ~ Kids’ Clothes
November 15 ~ Warm those Toes
November 16 ~ Gifts for the Crafter
November 17 ~ Purses
November 18 ~ For Baby
November 19 ~ Tech Gifts
November 20 ~ Gifts for Organization
November 21 ~ Pillows
November 22 ~ Fun for Hair
November 23 ~ Soft Toys & Games
November 24 ~ Sachets
November 25 ~ For the Kitchen
November 26 ~ Embellishments
November 27 ~ Gifts for Warmth
November 28 ~ Drawstring Bags
November 29 ~ Fabric Boxes
November 30 ~ Gift Compilations"
De som kjenner meg står i "fare" for å få gåver frå denne lista - berre så de veit det!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails