fredag 26. september 2008

Ny topp, kanskje?

Har sett litt på denne toppen i det siste. (Heilt sidan eg kom over den på ein annan blogg). Er den ikkje fin? Topstykke heiter den.

topstykke

Bilde frå Geilsk

Eg trur nesten eg må bestille garn og oppskrift frå Danmark, sjølv om det kjem over 200,- grensa...

Du finn den hos Geilsk.

- Og så er det haustferie. Kofferten min er pakka og eg flyg til Bergen i kveld. Der vert det sikkert litt byvandring. Er det nokon fine garnbutikkar eller anna snadder eg absolutt bør få med meg?

Eg har med meg nok prosjekt for ei veke, trur eg: 2 påbegynte skjerf, ei barnejakke, og to nøster til evt 2 nye Anne-skjerf - skulle eg bli ferdig med dei andre.

This nice top is from Geilsk in Denmark. I'm thinking about ordering yarn and pattern for it. I'm leaving today for a week away. I'm visiting friends and family in Bergen.

onsdag 24. september 2008

Bålkaker

Kan ein lage kaker på bål, lurer du kanskje? Jau, det går ann. Eg har prøvd ulike måtar på diverse leirar og speidarturar, men fekk testa ut ein ny og artig metode i dag.

Eg fann framgangsmåten på Bread & Honey - ein nydeleg matblogg. Synest dette var slik ein god idé at eg må dele den vidare.

Du treng appelsiner, kakemiks av eit slag (lyse muffins prøvde eg), aluminiumsfolie og kniv/skei.

app 1

Her har du appelsina i kveldssola. Skjer av eit lokk og grav ut alt fruktkjøttet.

app 2

Fyll kakedeig i skalet. Eg trudde eg hadde altfor lite kakedeig, berre 3 ss i kvar appelsin, men det vart akkurat passeleg.

app 3 

Legg på lokket igjen, pakk inn i folie og legg på bålet. Bålet vårt var ikkje så veldig stort, men det var akkurat nok til 7 appelsiner. Vi la dei rett i flammane og det gjekk bra. Appelsinene bør stå med lokket opp i starten, men etterkvart kan dei snuast på.

app 4

Eg tok ikkje tida, men det tok kanskje 10-15 min før kakene var ferdige. Det er berre å ta dei ut og sjekke undervegs.

Her er det berre å finne fram skeia og ete :) Kakene fekk ein ørliten smak av appelsin. Neste gong skal eg prøve sjokolademuffins-miks.

Ta ein tur innom Bread & Honey. Der var det fleire oppskrifter eg kunne tenke meg å prøve.

 

I had to try these campfire cakes. Found the recipe on Bread & Honey.

søndag 21. september 2008

Sommarteppet - no også som veske...

Då eg hekla på sommarteppet mitt i sommar kom niesa mi på idéen at sekskantane godt kunne vere ei veske også. Og det stemmer. Eg tenkte at det må eg prøve og måtte berre teikne litt før eg hadde mønsteret klart for meg. Eg ser det er fleire som likar å hekle sekskantar, kanskje dei også har lyst på ei veske. Så då prøver eg å legge ut framgangsmåten her. Eg har ikkje med oppskrifta på sjølve sekskantane her.
oda bag 2
My niece had an idea that the hexagons for my summer blanket also could be a bag. So I had to try to make one. In case someone else wants a bag like this I'll show you what I did.
oda bag5
Du treng altså 26 sekskantar.Dei skal heklast/syast saman som dette profesjonelle diagrammet viser. Kantane med lik farge (raudt og blått) skal også henge saman. Raudt på raudt, blått på blått. Dei grøne kantane skal syast saman med seg sjølv . Dei sekskantane vert bretta sidan dei er på sidene. OK?
You'll need 26 hexagons. Crochet/sew them together like this. The coloured edges go together. Red on red, blue on blue. The green edges are the corners. Those hexagons are folded.
oda bag 3
oda bag 5
Slik ser hjørna ut (dei grøne linjene).
This is the corner (green on the diagram).
oda bag 9
Hekle ein kant med fastmasker rundt kanten oppe. Hekle 2 sm i hjørna. Crochet a row of sc round the opening. Crochet 2 together in the corners.
oda bag 8
Hankar: hekle 8 fm i kanten midt på dei 4 hank-sekskantane. Hekle 45 omg. Handles: Crochet 8 sc in the top of the hexagon. Crochet 45 rows.
oda bag 6
Sy saman 2 og 2.
Sew two together
oda bag 7
Brett hankane på langs og sy saman til ca 15 omg frå start.
Fold and sew until 15 rows from start.
oda bag 12
Lag for til veska dersom du ønsker det.
Make a lining if you want one.
oda bag 10
Eg sydde på foret for hand.
Attach the lining, I did it by hand.
oda bag 11 Ta-da!
Er det mogleg å skjønne dette, tru? Spør gjerne dersom noko er uklart :)
Please ask if you have any questions :)

PS: Tutorial for hexagons here.
Oppskrift på sekskantar her.

More details about the bag on my Ravelry project page.

lørdag 20. september 2008

syr igjen...

   Eg har fått gjort litt med symaskina i det siste.

I rullrikkeidun2

Dei siste blyanyrullane reiste med posten i dag. Desse er så kjekke å lage. Ein del sying, men alt blir så ryddig og systematisk til slutt. (Sytem-genene mine jublar...) Håpar Rikke og Idun blir fornøgde.

rikke idun

Etter ein bytur i fineveret har eg pusla med glidelåsane i denne pianoveska til Emilie.  piano

piano 2

I've done some sewing this week. Two more pencil rolls, and a piano bag for my niece.

Og vinnaren blei...

R rull

13 personar melde seg til trekninga - og den heldige blei kirsten (nei, dessverre ikkje deg kirsten ragnhild). Så då får veska ein flytur over dammen. Tusen takk for at de var med på "basaren" min.

 trekke 3

Kirsten is the lucky winner this time.

onsdag 17. september 2008

Hekleinspirasjon

Via Hidden In France fann eg denne bloggen med bilder frå ein fin barnebutikk i Frankrike: Atelier Charivari. Eg fall sjølvsagt mest for hekleleikene frå Anne Claire petit.

29839759 29839794

29839832 29840058

Bilder frå Atelier Charivari

Anne-Claire Petit er nederlandsk firma som sel for det meste hekla saker. Når eg tenker meg om trur eg at eg har sett reinsdyret før på ein leikebutikk i Oslo. Eg tenker sjølvsagt at dette kan eg lage sjølv... (her er ein norsk nettbutikk som sel sakene).

330-006 810-031

870-012 950-001

 950-004

Bilder frå Anne-Claire Petit

Innimellom jobb, kor og alt anna prøver eg å finne tid til symaskina mi denne veka. Eg har nokre bestillingar å gjere ferdig; to blyantrullar og tre vesker. Og så har eg sjølvsagt idear for eit par nye vesker til meg sjølv også... (Tar det aldri slutt? - Nei, ein kan aldri få for mange vesker...)

Og straks er det helg igjen.

Via Hidden In France I found Zoe's blog with photos from her shop in France: Atelier Charivari. I especially liked the crochet things, of course. They are from Anne-Claire Petit.

lørdag 13. september 2008

Handleveske til deg?

Eg hadde bloggjubileum i mai, men fekk aldri gjort noko med det. Trur eg lovte å komme tilbake til det seinare. Vel, no er det i alle fall seinare - så no skjer det.

 shopping bag4

Eg gir vekk denne handleveska til ein heldig vinnar. (Ja, eg håpar vinnaren føler seg heldig i alle fall.) Alt de treng å gjere er å legge igjen ein kommentar på dette innlegget. Trekkinga blir neste laurdag kl 18.

Veska er basert på handleveska eg laga i sommar, men eg har dikta litt sjølv her også. Eg testa ho ut i dag, og ho virka fint... Du får kanskje ikkje plass til alt du handlar her, men det er ei fin erstatning for i alle fall ein av plastikkposane.

shopping bag5

I had my blogiversary in May, but never got ariund to doing anything about it. I promised to do something later - and now is later. I'm giving away this shopping bag to one lucky person. (At least I hope they feel lucky). The bag is based on a shopping bag I made in summer, but I've made up most of the pattern. I tested the bag today and it works fine. You may not get all your shopping into this, but it's a nice replacement for one of the plastic bags at least. All you have to do to win this is to leave a comment on this post. I'll pick a winner next saturday (6 pm, norwgian time).

 shopping bag2

torsdag 11. september 2008

I posten

Eg hadde storfangst i postkassa forrige veke. Dessverre var det berre meldinga som kom der: "Det har kome noko til deg som er for stort for postkassa di - kom og hent det sjølv." Vel - kanskje ikkje akkurat ordrett det som stod på lappen, men... Så det var berre å finne fram sykkelen i småregnet og sykle til postkontoret. Eg hadde venta på noko garn og ei bok. Men hadde heilt gløymt nokre blad eg hadde bestilt og at den nye Rowan-katalogen også var på veg. Så då blei det 4 pakkar. Jippi!!

 loppy

lorna's laces 2

lorna's laces 1

noro

Var innom garnbutikken i byen seinare på dagen, og der hadde dei jammen fått nye garn også. Så då blei det eit par nøster til Anne-heklinga mi.

cash island

silk garden litepure silk

Og etter å ha lese denne boka har eg fått veldig lyst til å trykke eigne T-skjorter, stoff og tapet!

 printing by hand

I got 4 packages in the mail last week. Fun, fun, fun! (The only thing not so fun is that they were too big for my mailbox so I had to collect them at the postoffice myself.) So I jumped on my bike (I don't have a car) and brought them home. I was only waiting for 2 things - the yarn from "The Loopy Ewe" and the printing book. Had forgotten about 2 magazines I ordered and the Rowan Magazine & member present. A nice "surprise". Later that day I discovered new yarn at the LYS and suddenly I have more yarn for my Anne-crocheting...

søndag 7. september 2008

Alle hårsveisane eg aldri fekk prøvd...

Eg måtte sjølvsagt prøve dette eg også. Kunne nesten tenkt meg eit par av sveisane, eigentleg. Med mitt rette, glatte hår har eg aldri fått til dei mest fluffy sveisane. Sjølv ikkje midt på åttitalet. (Og ikkje gadd eg å bruke så mykje tid for å prøve å får dei til heller). Og eg skal spare dykk for bildet på russekortet mitt... yearbook2

Einaste gongen eg har hatt nokolunde fluffy sveis var då eg var brudepike som fire-fem åring. Då låg eg med rullar i håret om natta (det var ikkje godt). Det blei ein slags krøllar av det (nesten som på bildet nr 3 her). Mamma ga meg streng beskjed om ikkje å røre håret mitt for då vil krøllane forsvinne (skli rett ut av det glatte håret mitt). Og eg gjorde som ho sa. På brudebildet står eg der, alvorleg, med rullekrøllane mine. Meir hugsar eg ikkje av den dagen.

Prøv du også: Yearbook yourself 

This was fun - so I had to try. So many hairdos I haven't tried yet...

lørdag 6. september 2008

Tetris

Nokon som likar Tetris her?

Kvifor ikkje lage Tetris-brownies. Framgangsmåte her (hos fraskedesigns)

tetris_brownies_final

Do you like Tetris? Make Tetris brownies. How to here (fraskedesigns)

fredag 5. september 2008

Meir nytt

augstoff4 augstoff2

                     augstoff5

De har vel funne ut allereie at eg er meir enn gjennomsnittleg interessert i stoff (tekstilar altså). Og ja, - eg har ein del ettekvart. Men likevel hender det at eg berre må ha litt til. Får ikkje brukt alt med det første, men det er så fint å sjå på alle dei fine mønstra og fargane. Og nokre gongar har eg konkrete planar for kjøpa.

Vannlilje-stoffet har eg tenkt skal bli eit skjørt. Muligens saman med eitt av dei andre grøne, sidan eg berre fekk tak i ein yard. (Ginger Blossom av Sandi Henderson)

augstoff7 augstoff8

                      augstoff6

Artig mønster og turkis + nokre fuglar...(Park Slope av Erin McMorris)

augstoff3 augstoff

Og så dei finaste til slutt. Den fine fuglen skal få pynte på ei veske. Eg har sett etter dette stoffet lenge. (Sparrows av Joel Dewberry)

Og dei fine rosene er berre - fine... (Garden Party av Anna Maria Horner)

augstoff9 augstoff10 augstoff11 augstoff12

Desse siste har eg funne på bruktbutikkar.

It's no secret that I love fabrics. I have a pretty little stash... I do use it, but some of the fabrics are just too pretty to look at...Here are my latest finds. The last four are from thrift shops.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails