Eg trengte ei ny bryllupsgåve, så då blei det putehekling igjen. Denne gongen ein ny variasjon av trekantputa. Prøvde meg på litt mindre trekantar denne gongen. Fargane er inspirert av fargekombinasjonar eg har sett rundt omkring (og garn eg får tak i).
Desse trekantane er 10 rader høge, så dei er ganske kjappe å lage. No har eg også fått eit system på samansyinga, så den går ganske fort den også.
Som vanleg heklar eg saman delane og lagar ein krabbemaskekant rundt til slutt.
I needed another wedding present so I made another pillow. This time a variation on my triangle pillow. These triangles are smaller, 10 rows. Quite quick to make. It doesn't take too long to sew them together either.
The front and back are crocheted together, and the crab stitch is a nice finish. I like the triangles on the back too.