mandag 30. juni 2008

Etasjer

Sa eg ikkje nettopp at eg burde få meg eit tre-etasjers kakefat? Tenk så kjekt det var å kome inn i bruktbutikken og sjå dette på bordet.
Didn't i just mention that i wanted a 3-tier cakestand? I was very pleased to find this in the thrift shop yesterday. Unfortunately there was a crack in the top plate, but I'm sure I can fix that if I need to.
Det er dessverre ein sprekk i øvste etasje, men skulle det bli verre så får eg berre leite fram limtuba.
Eg handla også 24 tallerknar til systera mi og eit oransje dynetrekk. Dynetrekket er allereie klipt opp - det brukte eg for å prøve ut eit blusemønster. Tenkte det var lurt å prøve på eit billig stoff før eg går laus på det skikkelege. Og det var lurt for mønsteret må nok tilpassast litt (litt dårleg passform her og der - kremt, kremt ). Og eg som igrunnen hadde lyst på ein oransje bluse... Eg må prøve å fikse litt på saumane. Kanskje det blir eit oransje skjørt også...
I also bought 24 plates for my sister and an orange bedsheet & gigantic pillowcase. I immediately had to use the orange fabric to try out a top pattern (Simplicity 3835). It didn't fit like it should so i must look at the pattern again. I'm thinking about making a skirt from this fabric too. Not too use with the top - I don't want to look completely like an orange... But an orange skirt is fun, isn't it?
Og så prosjekt sommarkjole. Her har eg leita fram favoritt-vinterkjolen for å bruke den som mal.
And this is the progress of my summerdress project. I'm using my favourite (winter)dress as pattern for the bodice.

søndag 29. juni 2008

Leirliv

Då er eg attende etter ei veke på leir. Etter ei veke i telt med sovepose på luftmadrass var det godt å ligge i skikkeleg seng igjen. Vi har hatt ei veke full av aktivitetar. Og i år hadde vi eit veldig koseleg troppsområde, med flott portal og eit veldig fint bord.
I'm back after one week on scout camp. After one week of living in a tent it was good to sleep in my bed again. We've had a nice week with lots of activities. The first days we use to build our campsite (and the last day we take evrything down). We made a very nice gate and table this year. We even had a fence.Alt laga vi sjølv, og siste dagen var det berre å rive ned igjen. Vi hadde til og med gjerde...
Her har vi kjøkken og spistestue...
This is our "kitchen" and "diningroom"
Å lage såpeboblar blei veldig populært hos oss.
It was very popular to make bubbles and makramé stuff.
Makramé er også ein stor hit for tida.
Og på kveldane sat vi rundt bålet og kosa oss med gitarspeling, songar og litt snacks.
In the evenings it was nice to sit around the fire.
Popcorn og sveler denne kvelden.
This night we made popcorn and pancakes.
Vi gjekk hardt inn for å vinne pris for finast leirområde, så vi pynta portalen med ei lafta blomsterkasse. Og jammen fekk vi prisen ein dag!
Isn't this flowerbox nice? We tried very hard to win a price for the nicest campsite, and we won one day.
Vi er ikkje så veldig nøye med antrekket på leir - alt luktar røyk uansett. Med veret vi hadde forrige veke var det godt med ull - som her: crocs og ullsokkar.
All my clothes smells like campfire now.
Ei veke utan internett går faktisk heilt fint, det tek berre litt tid å rydde i postkassa etterpå...

onsdag 18. juni 2008

Ooops...


Birthday Cupcakes
Originally uploaded by Glorious Treats
Eg har heilt gløymt eit-års jubileumet til bloggen, 29.mai... Burde ha ei markering, men det får vente til ferien er godt i gong. Litt for travelt no :)

I've completely forgotten my 1 year blogiversary. I'll have to come back to that when the holiday have started. Too busy right now :)

mandag 16. juni 2008

Drømme, drømme...

Her er litt augesnop for dykk. Fine bilder av fotografen Sandra Lane via Sarah Kaye.
Some eyecandy for you. Photographer Sandra Lane via Sarah Kaye.

Eg trur eg vil ha det slik som dette på bursdagen min i sommar...

I think I would like my birthday party this way this summer...

Og eit tre-etasjers kakefat må ein visst berre ha til muffins og småkaker...

And I must have a 3 tier cakestand...

fredag 13. juni 2008

Brunt handarbeid

Det har vore nokre lange ettermiddagar/kveldar på jobb denne veka. Det er mykje som skal ordnast på slutten av skuleåret.
Eg prøvar også i år å rydde litt i sakene før eg skal bytte kontor, men endar kanskje berre med å flytte på rotet - som så mange år før... Eg er ein samlar, og papira hopar seg opp.
Ikkje så mykje tid til handarbeid akkurat no, altså.
Men eg har fått skvist inn litt hekling. Eg har planar om sommarkjolar (inspirert av denne og denne kjolen laga av Green Kitchen). Så eg starta på hekladelen. Eg har prøvt meg fram med antall masker og ulike mønster. Og har nok kasta vekk ein god del tid - for eg gidd ikkje å lage prøvelapp og slikt. Her prøver vi på alle 200 maskene med ein gong. Og når eg har hekla ein 4-600 masker og finn ut at mønsteret ikkje passar likevel, så er det berre å rekke opp og starte igjen. Slik har kveldane gått :)
Eg endte opp med vanlege stavar til slutt...
Not much time for crafting these days. It's allways busy at work at the end of a schoolyear. I'm changing office and am trying to tidy before moving all my stuff. I tend to collect too much...
But I've started working on a summerdress (inspired by this and this dress by Green Kitchen). I've tried different patterns and number of stitches, so I've started over and over again on this. Maybe I should have done a swatch instead of crocheting 600 stitches - and then change my mind and go back to the beginning...
Så eit lite armband eg gjorde ferdig i ettermiddag. Tenker meg fleire slike. Stoff, knappar og garn har eg nok av :)
Finished this bracelet this afternoon. I could make more of these.

tirsdag 10. juni 2008

Nytt i huset

Det blei litt shopping i Oslo... (Men ikkje altfor mykje - lønna kjem først denne veka)
We had time for a little bit of shopping in Oslo.Er ikkje denne termosen fin? Som de ser har den til og med glorie på bildet her...
Isn't this thermos nice?

Ein sommarkjole fann eg også. Den passa så fint at eg skal bruke den som modell i sommarens hekle/syprosjekt.

This is my new summerdress.Denne forma blei også med meg heim (turkis med prikkar - måtte berre - dessutan var det 30% avslag på Hemtex).

Aqua and polkadots - I had to buy this. And it was on sale!

- og denne fekk frå syster M som nettopp har vore i København.
This was a gift from my sister - lucky me!
I dag fann eg endeleg noko fint i tekstilhylla på bruktbutikken.
Today I finally found some interesting fabrics in the thrift shop.
Putetrekk
Pillowcases
Brodert duk
Something nice for the table
Laken
Sheet
-og ein annan duk

klima?

Dei hadde vist ein klimakonsert i Oslo også på laurdag. Jammen bra at dei sparte litt på papiret og ikkje hengde opp altfor mange plakatar på ein stad...

mandag 9. juni 2008

middag...

Måtte berre vise fram middagen min i dag. Det blei så fine fargar :)

Ny Oslotur...

... denne gong var det systrene på tur. Med nevøen trygt plassert hos onkel, kunne vi jentene gjere som vi ville. Rusleturar på løkka, shopping og det vi hadde gleda oss veldig til: "Singin' in the rain".
Vi kan filmen omtrent utan"boks", så denne forestillinga måtte vi ha med oss. Og den levde opp til forventningane, berre synd at mikrofonen til Kåre svikta midt under sjølve "singin' in the rain". Det blei dancing in the rain i staden, og jammen var det litt av et regn. Godt gjort å halde styr på alt det vatnet på ei scene!
Seinare på kvelden rakk vi akkurat solnedgongen frå taket på operaen.
Syster M fekk ny veske i forseinka bursdagsgåve.
Søndag var det tid til litt pianospeling og piknik i Sofienbergparken før eg måtte hoppe på bussen attende til Sørlandet.

I've been to Oslo again, this time with my sisters. We had a fun weekend together, walking, shopping and went to see "Singin' in the rain" at a theatre. We love the movie, and had to see this. We enjoyed it very much. It really rains on the stage - they use 3 tons of water!!


tirsdag 3. juni 2008

Q for quilt

Endeleg har eg prøvd meg på skikkeleg quilt med vatt og bakside (ikkje berre fleece, som eg har gjort før). Denne vart laga etter bestilling. Eg måtte finne fram alt eg hadde av beige etc.
Eg likar å ha system på ting, men her har eg prøvd å vere veldig usystematisk når eg la utover lappane. Neste gong kan eg kanskje ha litt system på lys/mørke fargar. Det blei litt opphopning enkelte stadar her ser eg.
I just finished this quilt. For the first time i've done it properly (not cheating and using only fleece).

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails