torsdag 25. februar 2010

Litt fargar...

... må til, no når det for det meste er kvitt utandørs...
Eg er framleis på vinterferie i sør. I dag har eg ein formiddag med kaffi og mac (lånt), så då kosar eg meg litt fargar frå Flickr. Dette er nokre av mine favorittar avdei andre sine bilder.

Crochet colours

Bruk linken til Flickr for å sjå linkar til bilda i full storleik og fotografane.
-------------------
I'm still travelling in winter Norway. Still white everywhere, so today I'll show you some of my colourful crochet favourites from other flickr members. Use the link to get to the original photos.

torsdag 18. februar 2010

Heia, heia!

Ja, eg ser visst litt på skiskyting… og prøver å rydde litt i handarbeidtinga mine… og tenker på kva eg skal pakke for vinterferien…

Og eigentleg burde ein vel snart legge seg.

Men tenkte å vise fram nokre vidustjerner eg laga i klasserommet først.

DSCF2270

DSCF2271

Oppskrifter finn de her, her og her mellom anna.

-------------------

I made some window stars for my classroom windows. Follow the links above to some tutorials.

tirsdag 16. februar 2010

Utsikt frå kjøkkenbenken…

Ja den er ikkje så stor, etter at siste takras gjekk i helga.

DSCF2250b

Vi treng ikkje trekke for gardinene på kveldstid før etter påske ein gong…

Til ære for Bench Monday klatra eg opp med skoa på. Men eg vaska godt etter meg altså. DSCF2238b

Og no bør eg vel snart kom med nokre hobbyoppdateringar også. Livet går som vanleg , bak snøen.

DSCF2245

Svoger og nevø hjalp til med måkinga.

Og no ser vi litt på OL også, og må vel berre konstatere at det ikkje går ann å bestille gullmedaljane…

Neste veke er det vinterferie, og eg skal sjekke ut vinteren på sørlandet.

DSCF2246b

The snow finally came off the roof. And we have very limited view from the kitchen windows…

mandag 8. februar 2010

… og litt til…

DSCF2215b Bench Monday #6

Nei, jammen kom det ikkje meir snø…

I dag har det tidvis lava ned store flokser frå himmelen. Denne gongen var snøen av den litt meir våte typen, så i dag dukka det opp nokre snømenn på skuleplassen. Og haugane til å grave i vert større og større.

Kjekt for dei små. Eg er litt lei av å måke bil, og dei som har ansvar for snøfresar, brøyting og takmåking er kanskje også godt fornøgde no. Mykje arbeid med denne snøen, men det vert i alle fall fint og stemningsfullt ute. Under ser de utsikta frå klasserommet mitt.

Håpar på litt finare spaserturver etterkvart denne veka.

I kveld er eg trygt parkert i sofaen – saman med fleire prosjekt. Eg bør kanskje ta ein tidleg kveld også. Sidan eg faktisk såg på tv i natt (litt Super Bowl, av alle ting)…

Ha ein fin mandagskveld!

--------------------

Oh look! We got more snow…

The children are happy. They were making snowmen at school today. And they love to dig tunnels in the large piles of snow around the school buildings.

Driving in the snow is not my favourite thing, but I’m getting used to removing the snow and ice from my car.

In my neighbourhood people have been up on their roofs removing some of the snow.

A lot of work – this snow. But it is beautiful.

This is the view from my classroom.

DSCF2196

søndag 7. februar 2010

Knappar til samlinga

DSCF2212

Eg hadde flaks ein dag eg gjekk innom bruktbutikken. Ho som jobba der den dagen hadde akkurat henta knappesamlinga si. Knappar ho hadde samla frå avlagde klede. Ho kunne nesten fortelje om kva for kjole nokre hadde vore på – for lenge sidan. Eg venta høfleg på min tur til å kike gjennom posen. Heldigvis var det nokre skattar igjen til meg som knappegal dame nr 3.

Knappar er nok ganske populært for tida, ikkje ofte eg finn slike på bruktbutikkane no. Så der hadde eg flaks.

Gullfatet er også frå “brukten”. No har eg ei lita samling av desse.

-----------------------------

Lucky me. I came in to the thrift shop just as the lady working there took out her button collection. Buttons from clothes she had before. I waited patiently in line to look through the bag. And there were some nice ones left for me, crazy button lady nr 3.

torsdag 4. februar 2010

Snøblomstrar

Det mest populære innlegget på bloggen min er denne oppskrifta. Det ser eg på besøksrapportane kvar dag. Og det er svært kjekt. Hyggeleg å få tilbakemeldingar frå de som brukar oppskrifta også.

0707 002 Og det kan kanskje gi meg eit lite puff bak til å gjere det heilt ferdig – snart. Bildet over er frå i sommar då eg passerte 80 ruter. No er det 110 (10x11), men enno ikkje heilt stort nok for middagsluren på sofaen. Eg har nok fargar igjen, men er ikkje heilt sikker på korleis det ligg ann med dei kvite nøsta. Eg kjøpte med meg ein del nøster før eg flytta frå Kristiansand, håpar det er nok. Eg har begynt å tenke litt på kanten rundt også. Skal den vere berre kvit – eller skal eg putte inn ei rad med farge… Tenke, tenke…

DSCF2184

Dette er fargane eg har brukt. Raska saman litt her og der – restar og nye nøster. Nokre av nyansane er ganske like.  DSCF2185b

“Eg berre låner teppet ditt litt, eg. OK?!”

Ja da, Mikkeline. Berre du sit fint så…

------------------------

My most visited page is this tutorial. It is nice to hear from people using it.

And maybe it can get me to finally finish it. I haven’t worked on it since summer (too many other projects got started…)

It is now 10 x 11 squares, but needs to be a little larger to be perfect for a nap on the sofa…

I have enough colours left, but must check the white yarn stash. And I’m still wondering if I should go for an all white border – or put some colour in there too…

mandag 1. februar 2010

Februar alt?

Etter ei natt på buss – ei i gjesteseng og ei på buss igjen er vi klar for ei ny veke.

Det var kjekt å helse på 4-åringen og resten av familien der nede.DSCF2144

Barbielommene fall i smak. Det var godt eg slo i mange naglar, det vart jammen tungt nok med dokker i alle lommene.

Håper de toler litt Barbienakenheit – det er visst kjekkare å kle av dokkene enn å kle på dei… Fleire her kunne visst trengt ein tur til frisøren også.DSCF2159Ved siste sortering viste det seg at nesten alle dokkene fekk plass.

DSCF2160  4-åringen fekk også ny prinsessekjole til dagen.

DSCF2139Lillebror var ganske fornøgd han også, og jakka passa bra. DSCF2168b

Heime i Ørsta kom det nye 40 cm snø i helga. Etter neste takras kan vi sikkert lage tunnel inn til døra…

-------------------------------

This is the Barbiedoll-pockets I made for my niece. Hopefully it will be more easy to tidy them up now. She was happy. And got a new princess dress for her birthday too. Litle brother was happy in the coat I made him for Christmas.

And we got more snow…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails