fredag 30. januar 2009

Eg vann!

For ei stund sidan var eg så heldig å vinne ei jubileumstrekking borte hos Liv. Ho hadde 2-årsjubileum for bloggen sin. Og eg som vanlegvis ikkje har så mykje vinnarlykke :)

Og i går kom det ein pakke i postkassa. Så spennande!

pakke

Liv likar å strikke (og tek nydelege bilder frå hagen sin) , og sjå – ho har strikka pulsvantar til meg!

2009_01300026

Og ikkje nok med det, ho la også med ei oppskrift på Fiddlehead Mittens. Dei har eg lagt merke til på Ravelry og andre stadar. Skal nok prøve å strikke dei ein gong.

Tusen takk for den fine premien, Liv! Dei passar kjempefint som du ser.2009_01300009

Look what I got in the mail! I won a giveaway over at Liv’s blog. She made these mittens for me, and also included a pattern. I’ve been thinking about making the Fiddlehead Mittens. Lucky me :)

torsdag 29. januar 2009

Konkurranse


Eg er med og konkurrerer om eit gåvekort frå herlege Snella & Petronella
Dei har veldig mange stilige knappar og slikt. Ta ein kikk du også.

søndag 25. januar 2009

Litt av kvart…

Eg begynte på eit prosjekt i juni. Små vindmøller til eit lite lappeteppe. Lagde mange ferdig, men kom ikkje lenger.

Tenkte det var på tide å finne fram symaskina igjen idag. Det har trass alt berre gått 7 mnd sidan prosjektstart…

Eg kom litt lenger som de ser. Dette blir eit lite dokketeppe. Tenkte eg kunne bruke det til å trene på frihandsquilting, noko som eg ikkje har prøvd før. Greitt å ha eit lite prosjekt å sy på då.

2009_01250023

I går kjøpte eg nye strikkepinnar. Harmony Wood. Blir spennande å prøve desse. Likar at dei er fine og spisse i alle fall.

2009_01250043

Eg har også starta på Cherry-skjerfet igjen. Har begynt ein gong før, men har hatt ei lang pause.2009_01250047

Og sidan det gjekk så greitt å hekle puta mi, har eg starta på ei til i litt færre fargar. Denne har eg tenkt skal bli litt større.

Og i morgon skal eg til tannlegen…

Ha ei fin veke alle saman.

2009_01250049

I’ve finally (after 7 months) done some more on my little pinwheel-quilt. Felt like doing som sewing today. I’ve also started on the Cherry scarf again. That project has had a long break.

In between I’m making another crochet pillow. Since the last one was so quick and fun to make :)

Have a nice week everybody.

lørdag 24. januar 2009

Vekeslutt

Då er ei veke med nordiske føter ferdig. Her er dei siste fire bilda frå meg:

føter

- Batikkfarging saman med speidarjentene på onsdag.

- Strikking i sofaen på torsdag.

- Ein våt slapsetur til Sørlandssenteret på fredag.

- Og tur i nysnø i dag, laurdag.

Appropos snøen, så håpar eg på nokre kalde grader slik at snøen kan ligge litt. Hadde vore kjekt å få brukt akebakken litt på skulen.

Eg har strikka ei lita babyhue, medan eg ventar på å få begynne på Sylvi. No har eg bestilt garn. Måtte leite litt for å finne ut kva garn eg ville bruke. Og eg har strikka opptil fleire prøvelappar. (Svært uvant til å vere meg). Har funne ut at eg bør bruke 7 mm pinnar, og garn som høver til dette. Og sidan eg vil kome til å bruke nærmare 30 nøster kom pris også med i berekningane. Så no er det berre å vente på garnet.

Eg har forresten nok å gjere fram til det kjem.

2009_01240006

These are the last 4 photos in the week of “nordic feets”.

As you can see we have some snow now. I’m hoping it stays for a few days.

I’ve knitted a little babyhat, while I’m waiting for the yarn I've ordered for my Sylvi.

tirsdag 20. januar 2009

Ei veke med føter – dag 3

2009_01200017

Jobbeføter i dag. Ute i gangen, elevane på veg heim. Eg fekk med meg to-tre føter ekstra og ein stk våt dress. Sludd ute i dag – vi har ikkje hatt snø på ei stund.

Crocsa mine er litt forvirra ser eg – jul på venstre og sommar på høgre.

2009_01200027

Og under insettingsseremonien (gratulerer med ny president) hekla eg feridg puta mi. Klarte ikkje å finne rund innerpute så eg måtte presse saman ei på 45x45 cm og skvise den inn i puta som ikkje er 45 cm i diameter. Puta vart difor noko overstappa. men slik vatt vert litt flatare i bruk, ikkje sant?

2009_01200023

Navnesøster Solveig har gitt meg to utmerkingar. Tusen takk!

Kreativ_Blogger_Award

Strikke-awawrd_2009

Eg er så dårleg til å få gitt slike vidare, syns alle fortjener dei – det er så mange flotte bloggar der ute, og mykje god inspirasjon!

Eg har forresten fundert på om eg skal oppgradere strikkepinneparken min. Har nokre bursdagspengar liggande (ventande på eit godt formål). Har sett på desse setta til KnitPicks. Er dei bra å strikke med? Metall eller Harmony Wood? Er det nokon som har erfaringar å dele?

Options+Interchangeable+Harmony+Wood+Circular+Knitting+Needle+TipsOptions+Interchangeable+Nickel+Plated+Circular+Knitting+Needle+Tips(Bilete frå Knit Picks)

mandag 19. januar 2009

Juletrerestar

2009_01190010

Her er føtene i dag på veg heim etter jobb. Vi (føtene og eg) gjekk over torget og der er det framleis restar etter juletresalget i desember.

Ikkje så mykje meir tid til blogging i dag. Skal straks ut på møte og etterpå er det korøving. Ha ein fin mandagskveld.

nordiske føtter ::nordic feet

søndag 18. januar 2009

Ei ny veke med føter

2009_01180019

No er det klart for ei ny veke med nordiske føtter (flickr-link). Så då er det berre å ha fotoapparatet klart til å fange gode fotmotiv.

I dag vart det bilde av suse-heile-dagen-inne-i-ullsokkar-og-sandalar-føter. Ein slapp søndag, altså. Ikkje noko særleg fint ver ute.

Litt strikking har eg gjort… (eit lite prosjekt)

2009_01180023

Litt hekling – og eg må gå litt på jakt etter det brune garnet til puta. (Hugsar ikkje kvar eg har gøymt det…)

Og så har eg laga deilig middag: Mangokylling. Mmmmm…

Her er forresten noko av det eg fann på bruktbutikken i heimbygda sist helg.

2009_01180002

Nokon hadde brodert ferdig putetrekk og klokkestreng, men så blei det ikkje meir. Eg tok med meg putetrekket og får sjå om ikkje eg kan gjere det ferdig. “Broderisten” har forresten gjort ein feil. Ser de den?

-----

We’re starting a new week with Nordic feet (flickr link). So this week you’ll see what my feet are up to. Today they’ve been relaxing inside. A lazy sunday for me. I’ve done a bit of knitting, and some crocheting.

lørdag 17. januar 2009

Ein roleg kveld

Deilig med ein roleg laurdag, slik som i dag. Surt og kaldt ute, så eg var berre ute ein liten tur på nærbutikken. Musikk og rydding (vart sjølvsagt ikkje heilt ferdig med det eg hadde tenkt– altfor mange avsporingar undervegs) og litt radioprogram innimellom. No i kveld tenkte eg å sveive i gang ein dvd.

Som kan underhalde meg medan eg heklar. Eg er ferdig med kameraveska mi. 2009_01170010

I siste nr av Rom 123 fann eg dette bildet:

2009_01170014

Ei slik pute ville eg prøve å lage, så dermed var avsporinga i gong :)

 2009_01170004

Uten noko særleg planlegging hekla eg ein del “paibitar” av dei fargane eg har.

2009_01170003

Så sydde eg dei saman.

2009_01170013

Og hekla ein kant rundt og ein liten sirkel til midten. No heklar eg ein brun kant rundt + ei brun bakside. Så håpar eg det går ann å få tak i ei rund pute til å ha inni…

Eg har også kjøpt nokre raude nøster. (Til Sylvi sjølvsagt). Men her må eg ta det litt roleg. Eg brukar som regel å sette i gang med ting uten å være så nøye med strikkefastheit og prøvelappar og slike kjedelege ting. (Eg veit berre at eg strikkar stramt).Men på eit såpass stort prosjekt kan det kanskje være lurt å passe på. Vil jo helst strikke noko som kan passe på meg.

Så her har eg strikka prøvelapp med pt3. Eg har nok ikkje truffe rett enno. Og eg synes kanskje det blir litt for “luftig”. Kanskje eg må velge eit garn som er litt tjukkare?

2009_01170011

Ha ein fin laurdagskveld.

-------

I’ve been crocheting the last couple of days. First a little pouch for my canera. Then I saw this photo in a magazine and wanted to crochet a pillow like that. I used some yarn from my stash – lots of colours as usual.  The back will be brown.

And I’ve made a swatch for the Sylvi. Don’t know if I have the right yarn yet. I usually don’t spend much time on swatching, but thought it would be a good idea before starting a big project as this. I want it to fit when I’m finished.

Have a nice evening.

onsdag 14. januar 2009

snart natt

Snart halvvegs i januar alt…

Det var nydeleg måneskin då eg var heime i Ørsta i helga. Eg hadde lyst til å ta bilde av månen, men det var dessverre litt for mange skyer rundt. Men eg fekk tatt eit bilde av bygda i måneskin.

maneskin

Og så heldt lillesøster, lillebror, nevøen og eg fram med å leike oss med lang eksponeringstid på fotoapparatet (på stativ sjølvsagt).

leik

Jammen hadde vi ikkje nokre stjerneskot igjen frå nyttårsafta :)

leik2

spooky

I morgon tidleg skal eg prøve å hugse å ta med klassa ut å kike på månen. Den er nemleg tema neste veke, men sidan dei melder dårleg ver framover må vi nytte høvet i morgon.

Ellers så prøver eg å strikke trufast på Topstykket mitt. Men med tynt ullgarn på pinne nr 3, så går eg litt lei innimellom. I kveld har eg hekla ei lita kameraveske til fotoapparatet. (Gløymde den skikkelege veska i Ørsta).

Og så har eg sjølvsagt begynt å sikle etter eit nytt prosjekt:

sylvi_z_500

Dette er Sylvi. (bilete frå Twist Collective)

Det er akkurat ei sånn jakke ein treng midt på mørke vinteren, ikkje sant? Ja!

Eg trur nok eg treng å strikke denne. Mmm. Neste veke, -eller noko sånt… (Så ikkje bli overraska dersom det plutseleg dukkar opp nokre raude nøster her inne.)

------

I was back in my hometown again this weekend for my grandfathers funeral. It was allmost like Christmas again, with all my siblings there. We had beautiful moonlight to, but too many clouds to take a photo of the moon. So we played with long exposure on the camera and left-over sparklers from new years eve again.

And i've found a new project I have to knit... Sylvi!

søndag 11. januar 2009

Fram og tilbake er langt

Då er eg tilbake i kvardagen igjen. Det føltes nesten som juleferie igjen å plutseleg vere heime med nesten alle søsken i huset... Men det er langt frå Sørlandet til Sunnmøre. Og etter å ha tatt den 15 timars reisa (litt for dyrt med fly synes eg) 3 gongar i løpet av ei veke - er eg vel forsynt med reising for ei stund.

Takk for alle fine helsingar :)

2009_01110018

Kunne ha brukt bussturane til strikking sjølvsagt, men det blir eg litt dårleg av.  Og så prøver eg å sove så mykje som mogleg.

Eg har likevel fått tid til litt handarbeid i veka som gjekk. Thermis er visst veldig i farta for tida, og eg slengde meg på bølga. Denne oransje i alpakka-garn har vore i bruk fleire dagar allereie. Dessverre vart den litt stor, eller så er det alpakkagarnet som er litt for tøyeleg.

 2009_01110094

Eg er også i gang med ein ny i Merino-garn.2009_01110097

Søstra mi fann meir garn til meg i Bergen, så no kan eg også gjere ferdig Kauni-sjalet mitt.

2009_01110091

Ha ei fin veke alle saman!

fredag 2. januar 2009

Handarbeidsselskap

Muffin har invitert til handarbeidsparty i kveld.
Så eg sit her med kaffikoppen ... Sidan eg framleis er på ferie så får eg vise fram ein kopp eg finn i skapa her.
Strikkesakene er også med. Dette har vore julehandarbeidet.
Eg har begynt på er Topstykket mitt. Det ser ut til å gå bra, men det er langt igjen til slutten og kanten nederst...
Vi har også gått laus på pepparkakehuset i kveld.
God kveld til alle partyfolk!

torsdag 1. januar 2009

Godt nytt år - 2009!

Som vanleg leikar vi med stjerneskot nyttårsaftan.
Med fotoapparatet på stativ og lang lukkartid.
Dei som er rundt huset må hjelpe til så eg får tatt årstallsbildet mitt...

Ikkje alle stjerneskota virka like bra...

Fyrverkeri hadde vi også.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails