onsdag 25. mai 2011

Broderier…

Eg prøver å få orden på hobbyrommet mitt no. Dvs å få pakka ut av kasser slik at alle hobbysaker får ein plass der inne.

Men det er liksom ikkje måte på kor mykje materiell eg har skaffa meg gjennom åra. Alt har stort sett hatt plass i ei eller anna kasse (pga plassproblem i forrige leiligheit)… Og no som alt kjem ut i dagslys vert det plutseleg ein del… Kan nesten starte min eigen hobbybutikk. Men så har eg eit håp om at alt kan kome til nytte ein gong. Kjekt å ha, osv…

Men det vert stas å ha eit eige hobbyrom, altså Smilefjes

050

Her ein dag dukke det fram to halvferdige broderte putetrekk kjøpt på ein bruktbutikk ein gong. Tenkte eg skulle få gjort dei ferdig no. Som de ser må eg brodere rutenettet rundt dei fargerike kvadrata. Her har nok meininga vore å bruke beige rundt, men eg synest kanskje fargane kjem betre fram dersom eg bruker kvitt. Kva synest de?

051

På det andre putetrekket er nesten heile nettet ferdigbrodert i brunt, så det får nesten berre vere sånn.

- Og ute regjerer haustveret… Vi vil ha sol!!

---------------------

We’ve had autumn weather here lately. Allmost depressing. But, nothing to do about that other than hoping the sun will come back to us, soon…

I’m trying to get my craft room in order. I’ve had to keep most of my crafty stuff in boxes (because of a small apartment) and now as I unpack I’m a little amazed about how much stuff I really have. I could (allmost) start my own shop, but I hope all the things can be used one day Smilefjes It’s so nice to finally have a craft room!

I found these two embroidered cushion covers in one of my boxes the other day. A thrift store find that I thought I should finish now. Just a little embroidery for me to do.

mandag 23. mai 2011

Testing

Eg kom over eit bilde av eit lite hekleteppe på Pinterest, og fekk lyst til å lage eit slikt med ein gong (sjølvsagt).

Bildet var frå bloggen til Dottie Angel og teppet har ho funne på bruktbutikken og gitt til hunden sin (!)

Måtte fundere litt på mønsteret, men etter å ha surfa litt på nettet fann eg ut at det truleg er popkorn-masker.

060

Eg har testa ut nokre ruter her for meg sjølv. Trur eg har funne ut noko som virkar ganske likt inspirasjonsteppet. Men eg skal nok bruke litt tjukkare garn. Tynt ullgarn og heklekrok 3 blir ikkje heilt fluffy nok…

059

I’ve fallen in love with this crochet blanket. Dottie Angel’s little dog is lucky to have it…

But I thought I could make one for myself. I just had to figure out a pattern first.

After some surfing and searching I found out that it looked like popcorn stitches. These are my first squares. Just trying out a pattern so far. The stitches doesn’t look quite fluffy enough using sport weight yarn and 3 mm crochet hook (as I have done here).

mandag 16. mai 2011

Dagen før dagen…

.. og det er tid for bunadskjortestryking og andre kjekke aktivitetar. Eg er av dei som faktisk likar å stryke bunadskjorter… Jada, litt sær på den måten Smilefjes Her har de eit innlegg frå 2008 om korleis eg stryk skjorta mi.
I år vert det ikkje bunad på meg. Operasjonssår på magen og stram bunad (merkeleg nok har bunaden ikkje blitt større sidan i fjor…) går liksom ikkje heilt i hop.
Så, i staden for å stryke skjorte kan eg hekle 17.mai-pynt.
019
Ein ganske vanleg hekleblomst blir fin 17.mai-rosett. Fint alternativ til sløyfa.
021
Her er ein heilt ferdig med hekleknapp i midten.
026
Til og med baksida er fin… Men her må eg sy på ei nål.
Ha ein fin dag i morgon!

PS! De finn oppskrifta på blomsten under oppskriftsfana øverst!
----------------
We are getting ready for Norway’s big day, May 17.
I’m making some flowers to wear on my coat – in the colours of our flag, of course. They turned out really nice, even the back looks good as you can see on the last photo. But I’ll have to sew on a pin there…
Maybe I’ll show you how to make them later.

PS! Look under tutorials to find pattern for the flower!


mandag 9. mai 2011

Det har vore nok ei stille veke her på bloggen. Eg har vore vekke frå laptop og bloggetema.

011

Har hatt på meg dette armbandet og har fått prøvd ut eit par sjukehus, ambulanser og ambulansefly! Ikkje noko dramatisk, ambulanser og fly vart brukt til å flytte meg frå eit sjukehus til eit anna. Og nevøen på 5 er aldri så lite misunneleg på tanta som fekk prøve sånt fly…

Skal ikkje gå veldig i detaljar, eg måtte ta ein operasjon og det ser heldigvis ut til at det var nok.

Og no er eg sjukemeldt i fleire veker og får mykje tid til handarbeid og blogging. Håpar eg Smilefjes

015Eg hadde sjølvsagt med meg heklesaker som eg kunne halde på med i sjukesenga, men eg overvurderte formen etter operasjonen så noko hekling blei det ikkje på sjukehusa. Har tenkt å lage meg eit sjal med japanske hekleblomstrar. Eg brukar Lerke, og lurar på om det er mjukt nok… Eg ser også at det blei mange kalde fargar her – trur eg treng litt rosa også.

017

It’s been another quiet week here. This time I have a good reason.

I’ve been in hospital for the last week. Had to have surgery. I’m feeling better now and will be on sick leave for a few weeks. Lots of time time for crafting and blogging.

I brought my new crochet project to the hospital, but didn’t feel like crocheting there. I’m making a shawl with Japanese flowers. I’ll post a link to a pattern later.

Have a nice week!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails