tirsdag 3. desember 2013

3.

Eit nytt lite teppe vart ferdig no i november. Basis var dei vanlege sirklane mine. Denne gongen med berre to fargar i kvar sirkel. Her ligg dei klare til samanhekling, noko som eg brukar å gjere i fjerde runde.

108

Då har eg før hekla ferdig ei og ei rute, noko som er enkelt og greitt – men som gir ganske mange endar å feste til slutt.

Så de kan tru eg vart interessert då eg oppdaga at nokon har fundert ut ein metode for samanhengande samanhekling (vi kan kalle det SSH). (Continuous Join As You Go – CJAYG på utanlandsk). Eg fann ei forklaring her.

122

Kort fortalt så heklar eg dei ulike sidene på rutene ferdig på forskjellige tider. Her har eg akkurat starta på ei ny rad. Først heklar eg sirklane fast med den eine sida. Dei tre andre sidene vert hekla etterpå.

125

Til slutt vert siste side på kantrutene hekla. Eg enda opp med å hekle kryssa litt forskjellig frå forklaringa her.

126

Tenkte å vise dykk kva eg gjorde litt seinare. Det er uansett ikkje så enkelt å forklare korleis denne metoden virkar (utan skikkelege bilder), men det var slett ikkje så vanskeleg dette heller.

Også enda eg opp med – hald dykk fast – heil 6 trådar å feste til slutt!!! Etter samanhengande samanhekling og ekstra kant rundt.

008003010

I have discovered a new way of joining my circles: Continuous Join As You Go – or CJAYG. You can find a good explanation of the method here.

I used it on this little blanket, and had only 6 ends to weave in after the joining and border! (The circles had more ends of course, but they were done separately…)

I did my corners in a different way than the tutorial. I'll make my own tutorial and show you later.

mandag 2. desember 2013

2.

015

Adventsstjernene dukka opp til slutt… Men ikkje så mykje meir pynt enno. Eg har tenkt å ha advent ei stund før julepynten kjem fram. Men no kan eg altså ikkje finne så mykje adventspynt… Minn meg på å lage ei eiga adventskasse når pynten skal pakkast vekk i januar…

I år har eg tenkt å bygge fleire småhus til julebyen min. Har allereie tre nye klare til maling og glitter. Her kan du finne mange linkar til mønster på slike hus.

017

I will make more houses for my Christmas village this year. Three new houses are ready for paint and glitter now. Here is a post with lots of links to templates for glitter houses.

søndag 1. desember 2013

1.

1. desember allereie… Eg som hadde tenkt november skulle vare nokre veker til… Men det er koseleg med adventstid, altså.

Skal prøve å få opp bloggefrekvensen litt no i desember (hadde planar for det i november også, men det gjekk altså ikkje – så vi får sjå korleis det går…)

December allready… November just started… But I look froeward to advent and Christmas-time. I plan to do more blogging ine December (had the same plans for November, so we'll see how it goes…)

b2fe76be599e11e3a36912172d8c639d_8

Novemberkaktusen blomstra i tide i år.

5554d044514c11e3976812ea60f10a0e_8

501fa31a550211e3b759129d9a62bf3b_8

Forrige helg og i starten av veka hadde vi snø, men no er det bart igjen. Med utsikter til mykje nordavind komande veke, er det vel sjanser for meir snø igjen…

We had snow last weekend and in the beginning of the week, but it has rained away. The coming week will have lots of wind from the north, so the snow will be back…

d326036459ab11e3b67c0e2626ce01c4_8

Nokre julegåver er på pinnane, fleire er på planstadiet, så får vi sjå kva det vert tid til i tre veker med advent…

Litt baking må det også vere tid til.

I'm knitting presents, have a few planned and hope there's enough days to get them finished… There will also be baking.

04ceca36599d11e3826e1245ebab07ad_8Minicupcakes for a birthday party.

God adventstid!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails