tirsdag 29. juli 2008

Sommarkjolen

Eg blei ferdig med sommarkjolen til sommarveret kom. Har berre ikkje fått tatt bilder. Men her er eg og kjolen. Eg vurderar å lage ein brun heklekant nede etterkvart. Eg ser litt alvorleg ut på bildet, men er absolutt fornøgd med kjolen. Det er vel berre slik eg ser ut medan eg ventar på sjølvutløysaren , tenker eg.kjole2 kjole1

Her er også skjørtet eg sydde av dynetrekket eg fann i bruktbutikken i starten av ferien. Dette skjørtet har eg brukt i heile sommar. Men i dag klarte eg altså å sette meg på noko kvae. Resultat? Ekle, klissete flekkar bak. Grrrmf!!! Har nokon råd når det gjeld fjerning av kvae frå klesplagg??skjørt2

Here is my summerdress. Finished for now. I'm considering crocheting a lace for the skirt edge.

Here's also my orange summerskirt, made from a thrifted bedsheet. I've used it all summer.

4 kommentarer:

  1. For nokre flotte plagg! Trur eg må prøve meg på å vere litt kreativ sjølv også omsider...

    Synd med kvaen, har dessverre ingen gode tips. BioTex flekkfjernar kanskje...? Håper du får ordna det=)

    Ein kjekk blogg du har, forresten. Veit ikkje om eg har kommentert hjå deg før.

    SvarSlett
  2. Jeg fikk kvae på et hvitt linskjørt i fjor, huff.
    Det ble helt fint igjen på denne måten:
    Jeg gned flekkene med en fille fuktet i white spirit til kvaen kom av. Så gned jeg inn white spirit-flekkene med zalo, skylte skjørtet, og til slutt vasket jeg det i maskinen.

    Håper det går bra med skjørtet ditt også, det var råstilig (kjolen og).

    SvarSlett
  3. Nydelege plagg! Likte spesielt godt fasongen på skjørtet, håper du får vekk kvaen!!

    Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  4. Så kul kjole. Eg kjem meg visst ikkje ut av sida di igjen. Har bladd og kosa meg her ei heil stund.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails