søndag 7. september 2008

Alle hårsveisane eg aldri fekk prøvd...

Eg måtte sjølvsagt prøve dette eg også. Kunne nesten tenkt meg eit par av sveisane, eigentleg. Med mitt rette, glatte hår har eg aldri fått til dei mest fluffy sveisane. Sjølv ikkje midt på åttitalet. (Og ikkje gadd eg å bruke så mykje tid for å prøve å får dei til heller). Og eg skal spare dykk for bildet på russekortet mitt... yearbook2

Einaste gongen eg har hatt nokolunde fluffy sveis var då eg var brudepike som fire-fem åring. Då låg eg med rullar i håret om natta (det var ikkje godt). Det blei ein slags krøllar av det (nesten som på bildet nr 3 her). Mamma ga meg streng beskjed om ikkje å røre håret mitt for då vil krøllane forsvinne (skli rett ut av det glatte håret mitt). Og eg gjorde som ho sa. På brudebildet står eg der, alvorleg, med rullekrøllane mine. Meir hugsar eg ikkje av den dagen.

Prøv du også: Yearbook yourself 

This was fun - so I had to try. So many hairdos I haven't tried yet...

4 kommentarer:

  1. Artige greier! Lurer veldig på kva for nokre hårsveisar du EIGENTLEG kunne hatt lyst til å prøve....
    Ynskjer deg ein fin mandag!

    SvarSlett
  2. Hoi! På det eine (nest øvert til høgre) likna du på tante Margot! Kjem du til Bergen? Eg luktar loppis og hobbykveld lang veg!

    SvarSlett
  3. This is so fun!
    Thank you for sharing. I may yearbook myself later. :)

    -Michelle

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails