Eg har ikkje adventskalender heime i år, ikkje kjem eg til å pynte så mykje til jul heller (sidan eg reiser vekk i juleferien)
Det blir stort sett adventslys og stjerne i vindauget hos meg. Og det er berre advent enno, eg syns det er for tidleg med julepynten no.
Men i klasserommet pyntar vi litt. Det er noko spesielt med adventstida. Tenning av lys og adventstund kvar morgon. I kalendaren ligg eit kort som elevane har laga. Dei fekk velge mellom tre aktivitetar: synge ein song, leike ein leik eller ei julefortelling. Dei raude hjartene heng vi opp i vindauget - nesten som skomakergata.
I dei andre vindauga har vi pynta med hus. Det vart veldig fint synest eg. Husa er akkurat så skakke og rare som dei skal vere når dei er laga av 2. klasse. For ordens skuld - eg kutta ut vindua. Tapetkniv er for vaksne!
No er Noro-sjalet ferdig strikka. Her trengs det blokking. Eg har berre ikkje funne ut kvar og korleis eg skal få gjort det...
Some photos from my classroom today. We decorated the windows with little houses. The houses are so nice and funny. I helped and cut out the windows. Sharp knives are for grown-ups.
And the Swallowtail is finished and need some blocking. I just have to figure out how and where to do it.
Falt for de fine husene. Det var en annerledes adventspynt. jeg kjøpte blokkesett på Projoprodukter og bruker ei puslespillmatte i tykk mosegummi og spenner det opp på. Det fungerer kjempebra.
SvarSlettSå herlig pynt i klasserommet - husene er kjempeflotte!
SvarSlettHar noko til deg på sida mi.
SvarSlettHa ein fin kveld...
Åh!
SvarSlettEg likte dei skakke husa, eg! Berre ungar kan laga noko så vakkert, Vi vaksne vert for mykje perfeksjonistar!
Så utruleg fint det var med huspynt! Den idéen tek eg med meg vidare. :)
SvarSlettHa ei god adventstid...
De husene er så fine!
SvarSlettHa ei fin helg :)