Eg har fundert litt på korleis eg skal få strekt ut swallowtail-sjalet eg strikka. Solveig tipsa meg om at puslematter kan brukast til blokking av sjal. Eg har dessverre ikkje ei slik matte - og det har heller ikkje butikkane i byen no for tida. Men i dag kom eg på at golv-stigespelet eg har i klasserommet nesten er av samme materiale og at det difor sikkert kan brukast. Hurra for gode idéar! Så no ligg sjalet til utstrekking. Stigespelet var dessverre ikkje heilt stort nok, så eg må sjå om det går ann å ta tuppane for seg i morgon .
I'm using a floor game to block my swallotail . It was not quite large enough, so I'm hoping it's possible to block the remaining parts tomorrow.
Eg har stadig nokre julegåveprosjekt på gong heime. No nærmar det seg 16. og pakkane bør snart vere i postkassa. Har ingen planar i morgon, så då håpar eg på å få gjort ein del.
I dag har eg vore på korøving og Bach, Berlioz, Mendelssohn og Händel byrjar å kome på plass.
I'm still trying to make presents, not many days left now before they have to be in the mail... Hoping to get a lot done tomorrow.
Du klarte definitivt å vekke min nysgjerrighet med det Thomastoget!
SvarSlettDet skal bli spennende å se sjalet ferdig, herlige farger.