søndag 26. april 2009

H-H-H

Sidan G blei garn så er det ikkje så langt til H for hekling.

Til å hekle treng du garn og ein krok. Ganske enkelt eigentleg og eg synes det er fascinerande at det er det einaste som skal til for å lage så mykje forskjellig.

Eg kan ikkje hugse når og korleis eg lærte meg å hekle, men eg synes å hugse ein slags liten (babystorleik?) vest-kreasjon som blei produsert ein gong på ungdomsskulen. Sikkert av diverse restegarn eg fann rundtomkring (lilla?). Trur eg såg den på ei dokke sist. Ein del andre barbiedokkekle laga eg også då. (Mest til småsøstrene).

Etter det kom den store strikkebølgen og heklinga fekk ligge ei stund. Har gjort nokre prosjekt innimellom, men det er først i dei siste åra at eg har tatt til med større prosjekt.

Nokre tepper har det blitt. Dette var det første. Starta som eit resteprosjekt, men eg måtte sjølvsagt supplere med nytt garn etterkvart.

Granny hexagons

Tradisjonelle bestemor-ruter her.

brunrosa

Babette-teppet. Eit sommarprosjekt (2007)

babette with border

Så blei eg hekta på sekskantar og dette var sommarprosjektet i fjor.

2736623098_73a3561768_o

I UFOavdelinga finn vi bølgeteppet som har hatt ei lang pause no. Der finn vi også eit anna sekskantteppe av ullgarnrestar.

ripplestartmore hexagons

Ein del skjerf, nokre klesplagg og vesker har det også blitt.

Og så har eg oppdaga at det er kjekt å hekle figurar også. Kan for eksempel berre vise til påskeinnlegga mine…

830217907_527e6b917d_o sot troll

Eg er spesielt glad i desse figurane frå Totoro-filmen. Den lille kvite har gøymt seg litt for godt det siste året – eg må nok lage ein ny. Men vi synes vi såg eit sot-troll ein stad i påska.

Oppskrifta til Totoro-ane finn de her og her.

krokar3

Eg har ein del heklekrokar liggande, men heklar no stort sett berre med desse frå Clover. Dei er mykje betre å hekle med enn dei vanlege tynne. Eg har kjøpt mine hos Get Knitted.

Fleire innlegg om H finn de hos Petunia.

abc

--------------------------------

H is for hekle – wich is Crochet in norwegian.

I learned to crochet when I was in school, but only made small projects like dolls clothes. These last years i’ve started making bigger things like afghans and blankets.

I also enjoy making toys.

It’s fascinating that you only need a hook and some yarn to make so many different things…

6 kommentarer:

  1. Godt og naturlig valg, vil jeg si :)

    Så masse lekkert du har heklet også, av både store og små ting.

    SvarSlett
  2. Du er jo en mester i hekling!! Jøje meg! Jeg bøyer meg i støvet og har ikke ord. Skulle gjerne likt å hekle og det første jeg ville ha laget var et slikt teppe av bestemor/oldemorruter.
    En fantastisk H:)

    SvarSlett
  3. De fargrike teppene dine er så utrolig stilige, Solveig! Og igjen blir jeg minnet om mitt Babette som fortsatt savner en del lapper og all montering...

    Om du er interessert i forumverden, har noen andre bergensdamer og jeg startet et nytt hobbyforum. Det er allerede liv og røre der inne - om du har lyst, så ta turen innom og registrer deg.

    http://www.uformelt.net/bakhagen/index.php

    SvarSlett
  4. så flotte tepper! å må si beundrer tolmodigheten din på hekling - det tar jo LITT tid å hekle så mange ruter..! men flotte er teppene blitt=)

    SvarSlett
  5. Ååå, den som kunne hekle sånn, og hadde tolmodighet nok. Teppene dine er utrolig flotte!

    SvarSlett
  6. ME ENCANTAN LAS COSAS QUE HACES!!!! MUY BUEN GUSTO PARA COMBINAR, OJALA ME VISITES EN MI BLOG PARA COMPARTIR, DESDE TAN LEJOS LA PASIÓN POR EL TEJIDO.. SALUDOS, DESDE NEUQUEN , ARGENTINA...

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails