søndag 20. desember 2009

18. + 19. + 20.

Det blei visst eit par dagars pause her. Har vore på besøk utan nett-tilgang. Og i går vart det litt fort kvelden…

Tenkte eg skulle vise dykk nokre enkle papirkransar i dag. Dei kan brettast av alt slags papir. Farga, mønstra, gamle julekornotar etc. etc. Eg har printa ut bilder av gamle papir og notar (fins fleire gratisbilder på nettet) og brukt det også.

DSCF1765

DSCF1766

DSCF1767  Lagar du kransane små passar dei på jultreet, lagar du dei større kan dei henge andre stadar.

Først må du kutte papiret i ønska storleik. Du må lage 8 rektangel som er halvparten så breide som lange.

Eg laga mine 5 x 10 cm denne gongen. Det gir kransar som er ca. 10 cm i diameter.

DSCF1768

Brett papiret på langs.

DSCF1769

Brett dei øverste hjørna ned til brettekanten.

DSCF1770

Brett spissane mot kvarandre.

DSCF1771

Brett alle 8 lappane på samme måte.

 DSCF1773

No skal du ha ein slik figur. Legg merke til “lommene” på toppen. Hald den første delen slik.

DSCF1774

Stikk neste del inn i “lommene” så langt den går.

DSCF1775

Slik:

DSCF1776

Hald fram med dei andre delane på samme måte. Den første delen stikk du inn i lommene på den åttande til slutt.

DSCF1779

Då er kransen ferdig.

Det kan vere lurt å feste delane med litt lim også.

No er det snart middag, og i kveld tenkte eg å lage sjokolade-pistasj-biscotti. Skal tru om det er godt?

2 kommentarer:

  1. Papirbrett er toppen! Godt å se at det er flere enn meg som synes det :)

    SvarSlett
  2. Fant helt tilfeldig bloggen din via en annen. her var det mange gode ideer! Kommer helt sikkert tilbake!

    Igi

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails