mandag 1. mars 2010

Mars

Så er vi ferdig med februar, OL og vinterferien. Snart vår då, kanskje?

DSCF2293b

Denne karen og snøhaugane utanfor vitnar vel om at vinteren varer litt lengre.

Det var god vinter på sørlandet også. Eg har helst på slekt og vener, “gamle” elevar og kollegaer. Alt like kjekt.

DSCF2307

Markens låg der som før, med stort sett dei samme butikkane. Det blei ei runde der også.

Eg likte godt å finne eit par fargerike ullstrømper :)

- Og innimellom har eg strikka.

DSCF2274

Før eg reiste nedover vat denne hua ferdig. Det er ein variant av Rose Red-hua.

DSCF2269

Desse var også ferdig før ferien. Eg kjøpte tilfang på Etsy og limte saman til øyredobbar.

DSCF2282

Feriestrikking nr 1: Errto-lue til ein liten Star Wars-tilhengar.

DSCF2310

Feriestrikking nr 2: Darth Vader-hue til lillebror (som synes Yoda-hua var litt for snill…)

Eg er ikkje heilt ferdig med å brodere på starfighterane.

DSCF2308

Feriestrikking nr 3: Totoro-vottar. Det vart eit sjølvsagt prosjekt etter at eg fann oppskrifta på Ravelry. Her har eg visst strikka strammare etterkvart. Vottane fekk ein slags pæreform. Håpar det retter seg etter litt damping. Og det var mange lange hopp med dei to fargane, men mønsteret krevde nok det.

DSCF2309

Snart ferdig med første vott, håpar å unngå andrevott-syndromet.

Det tok ei stund før eg skjønte det uryddige mønsteret på denne sida. Men det er sjølvsagt sot-trolla som rømer opp i ein krok. Veit du ikkje kven/kva Totoro og sot-troll er? Då har du berre ein ting å gjere – få tak i filmen. Kan trygt anbefalast til alle!!

------------------

Back from my winter break. I’ve had a very nice week, visiting friends, my old school and family.

And there has been knitting. A couple of Star Wars hats – i finally found a Darth Vader chart on Ravelry. And some Totoro mittens for myself. I’m allmost done with mitten nr 1.

2 kommentarer:

  1. Cute Totoro! I love the tiny one on the thumb. :-)

    SvarSlett
  2. Heisan.
    Ser ut til at vinteren varer ei stund i år, ja. Men når ein har ein så kjekk snømann utanfor, så må ein berre vera litt glad i vinteren òg ;o)
    Eg diggar Star Wars-huene dine!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails