søndag 24. august 2008

Krokar

Eg har mange heklekrokar etterkvart. Akkurat som med strikkepinnane har dei ein tendens til å forsvinne når eg treng dei - med det resultatet at det vert kjøpt inn nye - og då dukkar som regel dei gamle opp igjen også. Merkeleg det der...krokar1

Men no har heklekrokavdelinga auka av andre grunnar også. Eg har nemleg oppdaga nye, deilige-å-bruke heklekrokar. Dei er sjølvsagt japanske (Clover Soft Touch), men eg har handla mine frå Get Knitted i England.krokar2

Som de ser av bileta er dei noko heilt anna enn dei gamle. Eg får ikkje krampe i fingrane av desse, endå så mykje eg har hekla i det siste. krokar3

Det andre Anne-skjerfet som eg begynte på i går, rakk jammen å bli ferdig før nattkinoen var over. Så fort gjekk det. Det er visst berre å finne fram meir garn. Rekk opp handa alle som vil ha eit slikt skjerf i julegåve (he-he). anne nr 1 anne nr 2   

I have many crochet hooks, they have a tendency to disappear when I need them - so I end up buying new ones... But lately the collection has increased because of other reasons. I have discovered the Clover Soft Touch hooks. They are so much more comfortable to use than my old hooks. I got my hooks from Get Knitted.

I started and finished another Anne scarf yesterday too.

3 kommentarer:

  1. It always happens the same to me! When I need a specific hook size I can't find it, (even I may have two of it!) and I have to buy new ones, lol...

    SvarSlett
  2. Å-ja, kven har ikkje opplevd dette.
    Strikkepinner og heklenåler i allverdens utgaver, men når ein leitar etter den eine ein må ha nett der og da, ---- borte.
    Og så kjøper ein nytt, for så å finne resten ganske kort tid etterpå.
    Eg ha eit lite lager på hytta, på jobben (oljeplattform), og eit større lager i heimen. Og alle plasser er det nokon som låner litt. Det meste kjem tilbake, men..
    Eg er vel nett like fattig eller rik, og så blir det kjøpt nye..

    Den japanske heklenåla såg ok. ut.

    SvarSlett
  3. It's amusing to see I'm not the only one who 'collects' hooks :)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails