fredag 8. august 2008

Leikar og bruktkupp...

Tusen takk for alle fine kommentarar om teppet mitt. Eg blir berre meir og meir fornøgd med det :)  Til de som har lyst på noko liknande - så er det berre å sette i gong. Lappeteppe må vere noko av det enklaste ein kan lage - perfekt for nybegynnarar. (Treng kanskje berre ein del tålmod for å gjere det samme om og om igjen.) Og så må eg anbefale å feste trådar undervegs. På dette teppet var det 926 trådar å feste - har eg rekna ut. Skulle eg gjere det til slutt trur eg nesten eg hadde gitt opp... Kvar sekskant har 144 stavar - så då blir det 16 560 til saman på teppet. Pluss kanten rundt (for den gadd eg ikkje å telle - er vel nokre hundre der også...)

No har vi sett på OL-åpning, og er veldig imponert over alle folka som gjer ting samtidig. Rett før det heile starta var vi (syster mi og eg) innom bruktbutikken. Der gjorde vi årets kupp - trur eg. Under eit bord stod ei kasse som dei akkurat hadde fått inn. Eg lukta Figgjo og stupte inn. Og der var det eit komplett service til 12 (koppar, frukost- og kaffitallerknar). Vi kunne berre ikkje gå i frå det. Så det blei 6 sett på kvar av oss. Fantastisk! (bilde kjem seinare)

Eg skal også vere med i OL- på ein måte. Ravelympics - Ravelry varianten, der vi skal starte prosjekt no under åpningsseremonien og vere ferdig før elden vert sløkt. Eg er med i Team Norway og skal delta i sweatersprint. Skal først og fremst prøve å få ferdig ei hekla jakke.

Ser ut som blogger har litt problem i dag, men eg skal prøve å poste likevel. No er ferien snart slutt for min del, men det har vore ein fin sommar.

 

We're watching the opening ceremony and we're impressed. All those people doing things at the same time! Thanks for the nice comments on my summer hexagons :)

I'm participating in the Ravelympics and will try to crochet this jacket. If I get time I'll do something else too. Not much left of the holiday now. Start work again wednesday.

I found something nice at the thrift shop today. Will show photos later.

1 kommentar:

  1. Lykke til med OL prosjektet ditt, den blir sikkert flott. Nydelig teppe du har heklet!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails