søndag 12. oktober 2008

Nøstenøsting

Trur eg har laga eit nytt ord her. Vel...

Etter å ha surfa litt rundt på bloggar i utlandet (det er eit stort land med mange bloggar,det...) har eg blitt litt misunneleg på dei ryddige nøsta dei kagar der. Slike sylinderforma, ryddige nøster som ligg stille på plassen sin medan du arbeider, og ikkje snurrar og trillar rundt overalt. (Og helst langt under sofaen der dei tar med seg alle hybelkaninene på veg ut att...)

Eg har etterkvart skjønt at det finst ein spesiell redskap som lagar desse nøstene - ein "ball winder" - eller nøstenøstar om du vil:)

ballwBilde frå amazon.com

Kanskje eg må ha ein slik har eg til og med tenkt...

Og no har eg ein. Men min er heimelaga og ganske gratis.

ballwinder

og nøsta blir slik:

nøster

Veldig ryddig. Hadde berre resten av stova vore like bra...

Framgangsmåten finn du her hos laughing purple goldfish designs

---------------------------------------------

I've learned how to wind pretty balls of yarn - without a fancy ball winder. Tutorial at laughing purple goldfish designs

4 kommentarer:

  1. Takk for tipset! Nå vet jeg hva jeg skal lære meg i dag. Har iallfall en bunt med garn i skapet som venter på å bli omgjort til et nøste. Fine Anne-skjerf - de er morsomme å hekle. Synes jeg kjenner igjen utsikten...

    SvarSlett
  2. Thanks for the link, that's nice!

    SvarSlett
  3. Så har eg lært noko i dag og... måtte innom og kikkepå den der.
    Artig sak.

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  4. This is GREAT! Thank you for sharing.
    -Michelle

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails