torsdag 30. oktober 2008

snart vinter?...

first snow Den første snøen kom (og for) i går. Det hadde så vidt starta når eg gjekk til jobb. (Eg går ikkje heile vegen altså - har trass alt ca 2 mil til skulen min. Men eg går eit stykke for å møte ein kollega som eg sit på med. Eg er nemleg så miljøvenleg at eg har ikkje bil.)

Vi var tidleg ute og hadde ingen problemer på vegen ut til Søgne, men kaoset starta ikkje lenge etter.

bobbled tam3

Eg kosar meg med nyehua mi som vart ferdig akkurat før det kalde veret.

Mønsteret er Bobbled Tam (ravelry-link) frå Holiday-nummeret til Vogue Knitting.

Det gjekk litt treigt i starten, men busskøyringa i helga fekk fart på sakene. Ser for meg denne i andre fargar også. Eg er også nesten ferdig med den første julegåva. Og så syr eg på ein svart veske, men har oppdaga at det ikkje er så lett å sy med svart no som det blir så tidleg mørkt.

bobbled tam2

We had our first snow yesterday. I went to work early just when it started to snow, so I was lucky to avoid the chaos on the roads later.

I finished my Bobbled Tam just in time for the cold weather. I like it and will try knitting it again in different colours.

Og sidan det visst er eit eller anna med morgondagen (stoort tema mellom mange av elevane i klassa...)

Har eg vist fram edderkoppane våre? Dei ikkje laga til Halloween altså (eg har ikkje så mykje til overs for den feiringa her i landet).

Vi laga dei tidleg i september, då vi hadde om bokstaven e. Men dei er fine då, ikkje sant?

spider 2

nett

1 kommentar:

  1. Ja, så var den der då, den første snøen..
    Synes alltid den kjem for brått på, er liksom ikkje heilt ferdig til å ta imot den..
    Men reint og pent er det, når den ligg der heilt urørt.

    Ha ei fin veke.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails