mandag 9. mars 2009

Det gjekk fort

Og vips så var vinterferien ferdig. Eg er attende i våren på sørlandet. Det blei berre meir snø austafor i helga.

2009_03070009

Eg hadde med meg litt meir strikking enn Sylvi. Mitt første Shetland Triangle i Noro.

2009_03070016

Som nemnt før var det rimeleg slapsete i byen. Dei stakkars skoa mine er tørre igjen no.

klipp

Greie prisar i alle fall…

cafe1

Hadde med niese på tantetur eine dagen. Vi var på Nasjonalgalleriet og tre kaféar (det siste gjorde mest inntrykk). Ein treng mange pauser når ein skal traske rundt heile dagen.oransje2

oransje3

oransj1

Oransje detaljar frå ein McDonalds (det vert rekna som ein kafé).

---------

Treåringsniesa hadde fest med dei små folka sine (Little People). Det måtte eg berre fotografere-

welcome

Prinsessa ønsker alle velkomne.

party

Hesten er glad han slapp inn i siste liten. For like etterpå var det fullt.

sorry

Kongen måtte avvise dei siste gjestane som det dessverre ikkje var plass til. Dei rusla slukøra tilbake til stallen…

1 kommentar:

  1. Ikkje første gang denne siste familien opplever at det var fullt i herberget... :)

    Veldig kjekt å ha deg på besøk. Du har lagt igjen ei lita svart bok. Vil du ha den fort eller held det med påska?

    Gry

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails